Blei send rett på verkstad

Statens vegvesen gjennomførte trafikkontroll på Rv. 5 ved Skei tysdag.

Eit køyretøy fikk bruksforbod og måtte rett på verkstad grunna oljelekkasje frå bakaksel. Oljen lak ut på bremseskiva, og då køyretøyet kom inn i kontrollen lukta det brend olje. Det var òg lekkasje av diesel frå tanken, og førar måtte rydde siktsona.

Ein førar av eit vogntog vart meld til politiet grunna brot på reglane om køyre- og kviletid.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ein førar fekk åtvaring for mindre brot på reglane om køyre- og kviletid.

Eit køyretøy fekk bruksforbod grunna sikthindrande gjenstand i frontruta.

Alle dei 76 som vart kontrollerte for det, brukte bilbelte.