Hans Ole Andenæs (t.v.) og Ove Gloppen.

– Vi har ein kjempeflott bodskap å selje

– Vi utviklar personane til å gå ut i samfunnet og hjelpe andre til felles beste, seier Ove Gloppen og Hans Ole Andenæs.

Førstnemnde er stor skattmeister i Odd Fellow Ordenen, sistnemnde sekretær i Odd Fellow losje nr. 104 Gloppang. Gloppen, som kjem frå Fitjar, var nyleg på Sandane i samband med at det blei teke opp seks nye medlemer i Gloppang.

Kvinner og menn

– Det er sjeldan ein tek opp så mange på éin gong. Dette kan vere med på at losjen klarer seg og utviklar seg vidare, seier stor skattmeisteren med det velklingande etternamnet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han fortel at Odd Fellow er ein del av ein orden, eit fellesskap for kvinner og menn, men at kjønna har separate møte og losjar. Losjane for menn blir kalla Odd Fellow, for kvinner Rebekka.

Tidlegare var det også Rebekka-losje på Sandane, no er det berre Odd Fellow att.

Humanitær hjelp

– Det er ein internasjonal, verdiskapande orden som fremjar gode livsverdiar. Vi har venskap, kjærleik og sanning som kjerneverdiar og driv humanitær hjelp, mellom anna har vi samla inn pengar og bygd to barnebyar saman med SOS barnebyer. Vi har hatt tre redningsskøyter, no har vi éi som er stasjonert i Bodø, og vi er i gang med ein toårig innsamlingsaksjon til Norsk Luftambulanse for å få hjernescanner i helikoptera, fortel Ove Gloppen.

Han opplyser at dei som er med i Odd Fellow ikkje samlar inn pengar på kjøpesenter eller ved å gå på dørene til folk, men at innsamling av midlar blir gjort mellom medlemene sjølve.

Gloppen og Gloppen: Ove Gloppen med ei kasse frå gamle Gloppen Meieri. Privat foto.

– Har vore ei glede

Inkludert dei seks nye medlemene, er det no 27 medlemer i losje nr. 104 Gloppang.

– På det meste var vi over 30, fortel Hans Ole Andenæs som hadde ansvar for å vise Ove Gloppen kring i bygda han deler namn med under opphaldet på Sandane.

– Det har vore ei glede å vere her, eg er blitt teken så godt imot og transportert rundt. Det er ganske spesielt å sjå namnet sitt så mange plassar som her, smiler stor skattmeisteren og legg til at han aldri har vore på Sandane tidlegare.