Eit av dei beste vaskeria i Noreg

– Internt seier vi at vi er det beste vaskeriet i landet.

For femte år på rad har Movia Formidling fått diplom for eksemplarisk drift. – Vi er heilt i landstoppen, seier avdelingsleiar Peder Langeteig Sande.

Sist veke kunne ein svært stolt gjeng i vaskeriet til Movia Formidling juble for ei høgthengjande utmerking som dei færraste i bransjen greier å kopiere.

Artikkelen held fram under annonsen.

For femte året på rad vart dei tildelte Norske Vaskeriers Kvalitetstilsyn sitt diplom for «Eksemplarisk oppfølging av Teknisk Protokoll» for 2023.

Svært strenge krav

– Norske Vaskeriers Kvalitetstilsyn har utarbeidd ein Teknisk protokoll og bransjestandard, som alle vaskeri som leverer til helseinstitusjonar må halde seg til, fortel avdelingsleiar Peder Langeteig Sande.

Sidan dei fleste vaskeri leverer til fleire institusjonar, gjeld det å redusere risiko for overføring av smitte mest mogeleg.

– Den standarden vi må følgje, er utarbeidd av Norske Vaskeriers Kvalitetstilsyn (NVK). Han sikrar at vi har rette prosedyrar og eit tilfredsstillande system for internkontroll, seier Langeteig Sande og dreg parallellen til Mattilsynet.

To besøk årleg

Med bakgrunn i kor mange tonn det blir vaska, besøkjer NVK vaskeriet to gonger årleg for å sjekke om standarden vert etterlevd.

– Minst eitt av besøka er umeldt. I tillegg må vi gjennom ein revisjon annakvart år. Då vert vi rangerte etter eit karaktersystem frå A til C, fortel Peder.

Han opplyser at dei har fått karakteren A+ kvart år sidan 2016. Det betyr at dei har alt på stell, og fortel kundane kor flinke dei er.

Dei andre kontrollane er stikkprøver der vaskeria får karakterar frå 1 til 7, der 7 er best.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Berre dersom vi får toppskår på alle stikkprøvene, og toppkarakter etter internkontrollen, får vi diplom, seier avdelingsleiaren.

Det betyr at dersom berre éi stikkprøve gjev dårlegare karakter enn 7, ryk diplomet.

– Så vidt vi kjenner til, er vi det einaste vaskeriet som har fått diplom fem år på rad. Internt seier vi at vi er det beste vaskeriet i landet, smiler avdelingsleiaren.

Movia Formidling vaskar 700 tonn tøy årleg og leverer vaskeritenester til elleve kommunar i Sogn og Fjordane.

Flinke tilsette

Han meiner det er fleire årsaker til at Movia presterer så godt.

– Det er ein kombinasjon av at vi har utarbeidd, innført og følgt opp gode prosedyrar som dei tilsette er svært flinke til å etterleve, seier Peder.

Ikkje minst motiverer det å få diplom til ekstra innsats, og til at dei tilsette stiller høge krav til seg sjølve.

– Ingen vaskeri får diplom utan å ha gode og strenge kontrollrutinar, seier han og lovar ei skikkeleg markering når diplomet offisielt blir overlevert.

Vaskeriet sysselset 23 personar i VTA-stillingar, hevdar seg godt i anbodsskonkurransar og har tilstrekkeleg arbeid til alle tilsette.

Helsesektoren

Vaskeriet til Movia har 20 tilsette i VTA-stillingar (Varig Tilrettelagt Arbeid) og i tillegg åtte arbeidsrettleiarar. 95 prosent av produksjonen er retta inn mot helsesektoren; helse- og omsorgssenter, heimetenester, lege- og tannhelsetenesta.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vi greier oss godt i anbodskonkurransar. Per i dag har vi tilstrekkeleg med arbeid til alle som er på tiltak, noko som er målet vårt, men investeringar i nye maskiner gjer at vi har kapasitet til litt meir, fortel Peder Langeteig Sande.

Han meiner det er bra å ha litt overkapasitet i tilfelle det skjer noko uventa.

Kundane til Movia er elleve kommunar spreidde i heile Sogn og Fjordane. To lastebilar er kvar dag på veg for å hente og levere tøy.

– Vi vaskar tre tonn klede kvar dag og 700 tonn årleg. T.d. vaskar vi 2000 arbeidsuniformer, fortel avdelingsleiaren.