Verdiskaping – eller?

Cruiseskipet Amadea på Gloppefjorden.

KRUS. Har sett i avisa at det er ynske om krusbåtar på Gloppefjorden. Dette skal vere ei vekstnæring, og det vert kalla verdiskaping.

Alle former for transport til saman, er den største kjelda til klimagassutslepp i Norge, og kanskje i verda. Reiseliv er transport, og her er det uavgrensa høve til forbruksvekst.

Artikkelen held fram under annonsen.

Krusbåt-turisme er aller verst når det gjeld klimagassutslepp per person. Det sparar ikkje energi å gå over til biodrivstoff og elektrisk kraft, det vert heller meir energitap undervegs. Det som sparar, er å reise mindre. Der kan Noreg gjere ein stor innsats ved å stenge alle hamner for krusbåtar.

NB: På engelsk skriv dei cruiseskip.

KJØT. Kjøtforbruket i Noreg og i verda har auka sterkt i mange år. Siste halvdel av 1900-talet vart folketalet i verda dobla. I same tidsrom vart kjøtforbruket fem gonger større. I 2002 var Danmark på topp i kjøtforbruk per person med 146 kilo. Bangladesh i botn med 3,1 kilo.

Det går om lag ti gonger meir energi til å produsere kjøt, som til å produsere tilsvarande kalorimengd med plantekost. Mange norske bønder trøystar seg med at storfe og sau lever av gras. Men i Noreg går det dobbelt så mykje kraftfor til å produsere 1 kilo storfekjøt, som til 1 kilo kyllingkjøt.

Dette er landbrukspolitikken si skuld, og det treng ikkje vere slik. Drøvtyggarar kan produsere mjølk og kjøt av gras, også på beite. Det er i gang forsøk med ei merkeordning som på bruksnivå skal dokumentere grasfôra mjølk og kjøt.

KRIG. Militærindustri og krig, skal visst nok vere unnateke i klimaforhandlingane, så dette området gjev også høve til uavgrensa vekst. Frå norrøn tid kjenner vi til det som vart kalla blodhemn. Då var regelen «auge for auge og tann for tann». Når statsleiarar skal ta hemn må det skje i 100-, eller helst 1000 fold, om dei ikkje skal «miste ansikt».

Dei har nok ikkje høyrt om flisa og bjelken i auga, om den miskunnsame Samaritan, eller om å vende det andre kinnet til. Ikkje om den rike mannen og Lasarus, heller.

Kva er verdiskaping, og kva er ressurs og miljøøydelegging?

Artikkelen held fram under annonsen.

Johannes Kjøsnes,

småbrukar 77 år utan pass

Kjelder: Google, «En nasjon av kjøtthuer» av Espen Løkeland Stai og Svenn Arne Lie, sundagsskulen.