Kvar dag set mange nordmenn seg bak rattet i rusa tilstand. Foto: NTB/NPK.

Ruskøyring: – Det er skrekkeleg høge tal

I 2023 vart totalt 11.428 personar tekne i å vere påverka av alkohol, narkotiske stoff eller medisinar mens dei køyrde bil, viser tal frå Utrykkingspolitiet. Det svarer til at 31 bilførarar vart melde for ruspåverka køyring kvar dag.

– Det er skrekkeleg høge tal. Eg tør ikkje tenkje på kor mange som ikkje blir tekne, seier Roger Ytre-Hauge i Frende Forsikring, i ei pressemelding.

Politiet reknar med at det blir køyrt 140.000 turar i trafikken av ruspåverka personar kvar einaste dag.

Artikkelen held fram under annonsen.

I fjor mista 118 menneske livet på norske vegar. Tal frå politiet viser at rus var ein medverkande faktor i 20 prosent av dødsulykkene.

– Vi må snu trenden vi har sett dei siste to åra. Altfor mange mistar livet på vegane våre. All statistikk viser at ruskøyring, høg fart og umerksemd drep, seier Ytre-Hauge. (©NPK)