Jublar når dei blir stoppa i kontroll
Utanlandske vogntogsjåførar køyrer framleis på norske vegar med slitne dekk. Statens vegvesen har opplevd at dei jublar om dei blir stoppa.
Yrkessjåførar som køyrer vogntog i Noreg må møte visse krav frå Statens vegvesen for å få lov til å køyre. Statens vegvesen har dei siste åra opplevd at fleire av sjåførane jublar om dei vert stoppa i kontroll, skriv NRK.
– Dei blir glade for at vi stoppar dei. Arbeidsgjevaren meiner sjåførane kan køyre ei stund til på slitne dekk. Det betyr at sjåførane får ein god grunn til å spørje om nye dekk, seier Svein Ove Salt, som er inspektør i Statens vegvesen.
Han trur presset frå arbeidsgjevar om å køyre med ulovlege dekk kan vere stort. (©NPK)