Illustrasjonsfoto.

71 prosent nedgang i butikkomsetninga den første veka etter tiltaka

Tal frå kassasystemet Front Systems viser at omsetninga i norske butikkar fall med 71 prosent den første veka etter 12. mars.


Front Systems leverer betalingsløysingar for 700 butikkar i Noreg, skriv Nettavisen.


Dei har samanlikna omsetningstala i veka før og veka etter 12. mars, då regjeringa innførte ei rekkje strenge tiltak for å avgrense koronasmitten.


Ein del butikkar har stengt dørene heilt. Av dei butikkane som held ope, er omsetningsnedgangen på mellom 50 og 60 prosent samanlikna med normalen. Front Systems ser likevel ein grunn til forsiktig optimisme.


– Vi ser ein auke no den siste veka i den fysiske butikkhandelen på 37 prosent mot førre veke (måndag- torsdag), så det verkar som det er optimisme. Det har òg vore fleire butikkar som har ope, seier produktsjef Haakon Skavhaug-Flender.


(©NPK)