Det vart andreplass på Eivind Øygard i årets sentrumsløp. Her fotografert på Byrkjelo stadion i fjor sommar der han var hare for Håvard Klakegg. Håvard vann sin klasse i sentrumsløpet

13. plass på Øygard

Eivind Øygard frå Jølster var i helga på Island for å springe nordisk meisterskap i terrngløp. Han håpa på førehand å kopiere femteplassen frå i fjor, men slik  gjekk det ikkje.



 

Det vart til slutt ein trettandeplass på jølstringen som var deltakar på eit lag som ikkje heilt fekk det til å klaffe. Øygard vart med sin trettandeplass tredje best av dei fire norske seniorane som sprang ni km. Men laget tok bronse i lagkonkurransen.