Roger Eide er ny prosjektleiar for Draumeplassen i 4H Sogn og Fjordane. Privat foto.

Vil ha fleire draumeplassar i naturen

Roger Eide (41) er ny prosjektleiar for Draumeplassen i 4H. Gjennom konkurransen kan du og lokalsamfunnet ditt vinne 100 000 kroner og hjelp til å lage ein naturmøteplass.

Draumeplassen har som mål at det blir etablert fleire naturmøteplassar i nærnaturen. Det er 4H Sogn og Fjordane som står bak, med støtte frå Gjensidigestiftelsen.

Folkehelse og naturglede

Roger Eide kjem frå Sunnfjord, og brenn for friluftsliv, jakt og fiske og dei gode verdiane ein kan hauste ute i naturen. Den nye prosjektleiaren er glad for å kunne leie Draumeplassen-konkurransen og følgje opp vinnarane.

– Naturopplevingar fører til auka folkehelse, læring, meistring og glede. Tidsklemma ønskjer å fange oss. Når vi legg til rette for gode møteplassar i nærnaturen, så vert det enklare å prioritere nok tid til dei viktige friminutta, fortel Eide og legg til:

– Det handlar om å balansere livet. Ein kopp kakao eller kaffi i roa ved bålet, ilag med menneska rundt seg. Dette gjev samhald, sterkare venskap, forståing for kvarandre og ny energi. Lyttinga, praten og leiken – kontra fingrar og auge som fylgjer dataskjermane.

Naturmøteplassane er opne og tilgjengelege plassar som gjerne er universelt tilrettelagt. Det er allereie bygd fleire slike i form av alt frå gapahukar, grillhytter og gammar, til bord og benkar langs turstiar. Draumeplassen-konkurransen opnar no opp for enno fleire.

Nettside med ressursar

Lokale lag og organisasjonar kan no søkje om å bli ein av fem vinnarar som kvar vil få tildelt 100 000 kroner, samt prosjekthjelp til å realisere sin naturmøteplass. På nettsida naturmøteplass.no kan ein finne meir informasjon om konkurransen. Her kan ein også finne ferdig nedlastbare og gratis byggepakkar, som inneheld teikningar, material-lister, budsjett og tips til bygginga.

– Draumeplass-konkurransen er eit supert utgangspunkt for å få støtte og hjelp til raskare byggestart. Takk til Gjensidigestiftelsen som gjev støtte, og opnar opp for gode naturmøteplassar. Eg håpar mange vil søkje, smiler prosjektleiaren.

Det er tredje gong Draumeplassen vert lyst ut i Sogn og Fjordane, og årets konkurranse har frist 15. mai. 4H har lang erfaring med å skape naturmøteplassar i samarbeid med lokale aktørar, og håpet er at konkurransen på sikt vil verte nasjonal.