Vil gjenta suksessen frå 2012

– Dette ser vi fram til. Vi fekk svært god respons sist, seier dei to kunstnarane. Begge uttrykkjer seg i klassisk figurativ stil og gledar seg til å sjå bileta sine saman.






Ikkje minst ser gallerist Harald Sølvberg fram til utstillinga som opnar førstkomande laurdag med kunstnarane til stades.

– Dette er to av landsdelens dyktigaste klassiske kunstnarar, seier han.

Italia

– Eg har alltid hatt lyst å måle, fortel Frøydis Aarseth (28). Ho er oppvaksen i kunstbygda Vevring i Naustdal kommune med sine årlege utstillingar og ser ikkje vekk frå at ho let seg inspirere av å vekse opp i eit kreativt miljø.

Ho brukte eitt år på å finne kunstskulen ho ønskte å gå på. Ho fann han i ”The Florence Academy of art i Firenze” og kom gjennom det tronge nålauget.

– Det var tre svært lærerike og travle år med lange arbeidsdagar, fortel ho. Her studerte ho anatomi og kunsthistorie og måla m.a. aktmodellar. Skulen står solid planta i fleire hundre års målartradisjon med røter tilbake til den klassiske tradisjonen frå 1600-talet.

Nerdrum-elev

Etter at ho var ferdig med utdanninga i Italia, søkte ho om å bli elev hos Odd Nerdrum.

– Eg måtte sende inn bilete eg hadde måla og var ein av fem som fekk vere elev. Eg var den einaste norske, seier Frøydis og vedgår at det var lærerikt.

– Eg lærte mykje om lyssetjing og glød i måleria, seier ho. Og dei som kjem til Galleri 104, vil utan tvil sjå at ho har late seg inspirere av Odd Nerdrum.

Frøydis Aarseth arbeider berre i olje for at måleria skal leve lenge, nett slik måleria til dei gamle klassikarane. Motiva er både portrett, landskap og stilleben, med ei viss overvekt i det førstnemnde i det siste.

God respons

Frøydis Aarseth har hatt ei rekkje utstillingar, både i Noreg og ikkje minst i utlandet for vise seg fram for eit større publikum. For ikkje lenge sidan kom ho tilbake frå New York med positive erfaringar.

– Det var utruleg spennande, men eg er også veldig glad i å stille ut heime, for på heimebane har eg fått mykje støtte. Det er godt å ha i ryggen, seier ho. Sidan i fjor har ho levd av kunsten sin, med tillegg frå inntekta ho får ved å drive ein målarskule ein til to dagar i veka og ei helg i månaden.

Bileta hennar spenner i pris frå 5500 kroner til det dyrast som kostar 45.000 kroner. Ho kjem til Galleri 104 med 19 oljemåleri.

Gledar seg

– No gledar eg meg til å sjå bileta mine saman med Magne Kristiansen sine. Vi selde veldig godt sist vi stilte ut, seier ho. Og gledar seg gjer også han. Magne Kristiansen (54) kjem frå Fjelli i Stryn. Han er lærarutdanna, men fortel at han har teikna og måla heilt sidan barndomen.

– Eg fekk det første oljemålingsettet 12 år gammal og vart heilt oppslukt, seier han. Eit besøk i Nasjonalgalleriet for å sjå ”dei store” var som ei vitamininnsprøyting.

– Sidan har målinga vore ei drift og ein viktig del av livet, vedgår han. Også han stiller ut berre oljemåleri. Motiva hentar han veldig ofte ute i naturen.

– Men eg målar også stilleben og menneske, seier han. På Fjelli har han sitt eige galleri.

 



Rytme

– Eg ønskjer rytme og mønster i måleria mine, seier Magne. Han sit ofte ute og målar, men brukar også fotografi.

– Det kan vere eit grunnlag, men skal ikkje vere nokon slavedrivar, seier han. Derfor er bileta hans ei tolking og slett inga fotografisk attgjeving. Det vil ein også lett oppdage i dei 23 måleria, han stiller ut i Galleri 104.

Magne Kristiansen har illustrert fleire bøker og har dekorert offentlege bygg i tillegg til å stille ut i over det ganske land.

Magne kjem til Sandane med både store og små bilete, i pris frå 2500 til 15.000 kroner.

– Førre gong var responsen veldig god. Sandane er beste plassen eg stiller ut. Eg er forsiktig optimist, men også realist. Dette er ein usikker marknad, seier han.

Ekspert

Galleristen er like spent som kunstnarane. Han er full av lovord om begge to.

– Sist dei stilte ut i lag, selde dei for 200.000 kroner til saman, fortel han og meiner Frøydis Aarseth er eit namn publikum vil høyre meir frå.

– Ho er ein av landsdelens beste klassiske kunstnarar, seier han. Harald Sølvberg er også raus i omtalen av Magne Kristiansen.

– Han er ein eminent kolorist og svært flink til å fange lyset i landskapsmotiva. Dessutan er han ekspert på å gjengje sjø og vatn i rørsle, noko av det vanskelegaste ein målar gjev seg i kast med, seier han.

Frøydis Aarseth har gått på kunstskule i Italia og vore elev av Odd Nerdrum. Det syner att i bileta ho målar.
Magne V. Kristiansen er ein meister til å måle sjø og vatn i rørsle.