Viktige bidrag

På tre år har mengda søknader til Kulturminnefondet dobla seg, og innan fristen 1. november 2015 kom det inn 902 søknader om i alt 229 millionar kroner frå heile landet. Nesten 80 millionar kroner vert delt mellom 451 prosjekt i 2016.

– Det er svært gledeleg at så mange private eigarar vil setje i stand kulturminna sine. Dei auka løyvingane frå Stortinget betyr at vi kan hjelpe fleire i gang med sine prosjekt, seier direktør i Kulturminnefondet, Simen Bjørgen.

Også klima- og miljøminister Vidar Helgesen er glad for midlane som blir delte ut.

– Kulturminnefondet skal vere eit lågterskeltilbod til private eigarar av verneverdige kulturminne. Eg er difor veldig glad for at fondet dette året kan dele ut over 70 millionar kroner i tilskot. Dette er viktige bidrag for å hindre at kulturminne går tapt, det gjev eigarar ein motivasjon for å setje i stand bygningar, og det inneber i tillegg at føresetnadene for private eigarar blir betre, seier han.

Stortinget har vedteke at det årlege tapet av verneverdige kulturminne skal minimaliserast innan 2020, og at freda og fredingsverdige kulturminne skal vere sikra og ha eit ordinært vedlikehaldsnivå. Likevel går framleis ei rekkje bygningar med kulturhistorisk verdi tapte i Noreg kvart år.

Les heile leiaren i papirutgåva fredag.