Dei er glade for samarbeid om viktige kulturbygg i bygdene. F.v. Hildegunn R. Gjelsvik, leiar i Sogn og Fjordane ungdomslag, Ingebjørg Erikstad, fylkesdirektør og Ingunn Nyheim, leiar i Huset i bygda.

Utviklingsavtale om kulturbygga

Sogn og Fjordane fylkeskommune har inngått utviklingsavtale med Sogn og Fjordane ungdomslag.

Ein utviklingsavtale er eit samarbeid for å utvikle og forsterke arbeidet til organisasjonane og fylkeskommunen. Begge har kunnskap som er viktig for den andre. Saman skal dei finne samarbeidsformer som gjer at kompetansen i begge organisasjonane vert nytta og utvikla til beste for begge partar og for samfunnet.

Mangfald ein god kvalitet

– Sogn og Fjordane fylkeskommune ser det som viktig å støtte frivillig verksemd i fylket. Det er ein kvalitet i Sogn og Fjordane å ha eit mangfald av organisasjonar. Frivillig sektor er, gjennom kontinuerleg organisasjonsarbeid og aktivitetsutvikling, ein stor og viktig aktør i fylket, seier assisterande fylkesdirektør for næring og kultur, Ingebjørg Erikstad.

Utviklingsavtalene skal medverke til at organisasjonane held fram med å skape trivsel og verdiar i heile fylket, gjennom frivillig arbeid.
Målet med samarbeidet er å skape og utvikle gode, opne møteplassar som er tilgjengeleg for alle i lokalsamfunna i fylket gjennom satsinga Huset i bygda (HiB). Dei skal kartlegge alle typar organisasjonseigde kulturbygg i fylket og presentere desse i ein eigen husbase og i fylkesatlas.

Huset i bygda

Hovudmålet for «Huset i bygda – ein kulturarena der du bur » er å skape synlegare og sterkare organisasjonseigde kulturbygg, med allsidige, førebyggjande og inkluderande aktivitetar og tilstellingar.

Dette gjer dei m.a. gjennom regionale samlingar og lokale husmøte, kurs, samarbeid og nettverk for huseigarane, synleggjering av husa, oppmuntre til nyskaping og dokumentasjon av husa. Kulturbyggkonferansen 2016 vert i Eid.

Samarbeidet går m.a. ut på at husa skal vere tilgjengelege for alle med universiell utforming, å løfte fram og synleggjere grendehusa og styrke samarbeid med eksterne aktørar. Det skal vere fokus på at bygga skal vere i bruk for ulike målgrupper. Ein vil også kartlegge aktiivteten som føregår i dag, det er også planen å Huset i bygda sin husbase inn i kartløysinga Fylkesatlas, for også på den måten synleggjere kulturbygga.