Stardalen Mannskor med dirigent Maryan Mundal fotografert under Bygdenæringsdagane i fjor vår.

Tradisjonsrikt mannskor fyller 80 år

I år er det 80 år sidan stardølingen Samuel K. Bakke heva taktstokken og sette dei første tonane til Stardalen Mannskor. Slikt blir det sjølvsagt feiring av, og det skjer i koret sitt faste øvingslokale, Haugtun, komande laurdag.

Koret hadde første året 25 medlemmer, pluss dirigent, noko som må seiast å vere imponerande sidan alle hadde adresse Stardalen.

Interkommunalt

I dag har koret 16 songarar, og halvparten av dei har adresse utanfor Stardalen. Dirigent i jubileumsåret er Maryan Mundal og styreleiar er Dag Arne Veiteberg.

Dei siste åra har koret samarbeidd med Austrheim mannskor på Sandane og dei blir også med på feiringa. Koret frå Gloppen skal både synge eigne songar og synge i lag med jubilanten, noko som vil gje eit kor på om lag 50 songarar.

Les meir i papirutgåva onsdag.