Illustrasjonfoto

To mista førarkortet

To personar mista førarkortet og ein er meld etter kontrollar i fylket siste døgnet.

Ein førar mista førarkortet etter å ha køyrt 119 km/t i timen i 80-sona på rv15 forbi Knapstad i Eikefjorden tysdag kveld. I den same kontrollen fekk åtte andre forenkla førelegg for å ha køyrt for fort. Høgste farta av desse vart målt til 112 km/t.

I Lærdal mista ein førar sertifikatet etter ein kontroll på E16 ved Borgund tysdag ettermiddag. Vedkomande heldt 101 km/t i 80-sona, og fekk dermed for mange prikkar. Fire andre fekk også forenkla førelegg, høgste fart her var 100 km/t.

Ein mann er meldt etter ein laserkontroll i 80-sona på rv15 forbi Totland i Vågsøy. Vedkomande køyrde for fort, men nekta å vedta eit forenkla førelegg. Det gjorde derimot tre andre som også køyrde for fort, høgste farta her var 96 km/t. Ein person fekk beltegebyr.

I Vik vart det full stopp for ei kvinne i 40-åra etter at ho vart teken for å køyre bil utan gyldig førarkort. Bilen ho køyrde vart i tillegg avskilta, då den var seld, men ikkje omregistrert.



Ein mann i 20-åra kom i natt til rette etter eit stort søk i Førde-området. Mannen vart meldt sakna rett før midnatt, og søket var i første omgang gjort i Vieåsen. Eit par timar seinare vart mannen funnen ved sørenden av Langelandsvatnet på E39, og i fin form melder politiet.



I Florø fekk politiet melding om tjuveri av to mobiltelefonar frå ei garderobe i badeanlegget Havhesten. Saka vert meldt.