Home   >   Kultur   >   Stinn Fjordblues-brakke

No Sinner i aksjon på Fjordblues fredag kveld.

Stinn Fjordblues-brakke

Fjordblues 2016 er godt i gang. Fredag kveld var det fullt hus i Topp Foss på Gloppen Hotell.

Arrangøren reknar med at kring 250 personar var innom dørene på dei tre konsertane med amerikanske Doug Seegers, norske Eric «Slim» Zahl & the South West swingers, samt den kanadiske gruppa No Sinner.

Den tidlegare uteliggaren Doug Seegers sette fyr på publikum med den countryinspirerte stilen sin.

– Det var veldig kjekt å opptre her, folk såg ut til å like musikken min, sa han etter å ha gått av scena.

I kveld skal heile sju band opptre på hotellet. Det blir garantert fullt trykk både i Topp Foss og Kjellaren.

Her bør publikum kjenne si besøkstid…