Ordførar Oddmund Klakegg overrekte eit bilete med ein viss symbolikk frå Jølster kommune til Stardalen bygdetun og styreleiar Joar Helgheim i samband med 20-års jubileet laurdag.

– Stardalen lyser opp som det forjetta land inst i Jølster

– Det viktigaste med bygdetunet er at det skaper samhald, trivsel og bulyst i dei inste grendene i Jølster, sa ordførar Oddmund Klakegg då han gratulerte stardølingane med 20-års jubileet.

Takka vere Bygdeutviklingsprogrammet og ikkje minst ein formidabel eigeninnsats frå innbyggjarane i Stardalen, stod Stardalen bygdetun klart i 1995. 20-åringen vart markert laurdag ettermiddag.

– Det er ein symbolikk i biletet. Det er litt mørkt og dunkelt i framgrunnen, bak lyser Stardalen opp som det forjetta land inst i Jølster, smilte ordførar Oddmund Klakegg då han overrekte gåve frå Jølster kommune til Stardalen bygdetun og styreleiar Joar Helgheim.

Då hadde han skrytt av det arbeidet stardølingane gjorde for å etablere bygdetunet, og det dei har gjort for å halde det i live i to tiår.

Les meir i papirutgåva måndag.