Eva Weel Skram. Pressefoto.

Spelar for pasientar

Komande torsdag held Eva & the Heartmaker konsert for pasientane ved Førde sentralsjukehus.

Saman med ektemannen Thomas Stenersen utgjer Eva frå Sogndal duoen Eva & the Heartmaker, ei av dei mest suksessrike popgruppene i landet for tida. Duoen har over fleire år produsert ei rekkje populære låtar, og spelt konsertar frå sør til nord. Sist vinter fekk Eva Weel Skram strålande kritikkar då ho var med i TV2-programmet «Hver gang vi møtes».

Konserten blir i kantina i andre etasje, startar klokka 14 og er venta å vare kring ein time. Seinare torsdag skal Eva & the Heartmaker underhalde på sommarfest for dei tilsette i Helse Førde. Nær 800 medarbeidarar frå alle institusjonane i føretaket er påmelde.

Når vi først hentar ein så populær popduo hit, syns vi det er heilt naturleg at også pasientane våre får høve til å oppleve dei, seier HR-direktør Arne Skjelten.
Det er andre gongen Helse Førde skipar til gratiskonsert for pasientane. Første gongen var sist føretaket arrangerte sommarfest, for to år sidan. Då var det Sigrid Moldestad, ein annan kjend artist frå fylket, som underheldt. Arrangementet blei ein stor suksess. Meir enn 70 pasientar og pårørande var til stades, i tillegg til pleiepersonell og portørar.