Klare for NM på laurdag. Leiv Arne Støyva Sårheim Bak frå v: Marcus Røed Frøyset, Ole-Kristoffer Sørland, Vilde Sårheim, Robert Andre Moldestad. Foto: Ola Bergheim

Optimistiske NM-deltakarar

Klare for kraftprøve i Larvik laurdag.

Breimsbygda arrangerte vektløftarstemne tysdag. Nye personlege rekordar og smil og optimisme på ungdommane som skal vere med på NM 5-kamp i Larvik komande laurdag.
5-kampen i vektløfting er dei vanlege vektløftarøvingane rykk og støt med tillegg av eit løp, eit hopp og eit kast. Det blir konkurrert i aldersklasser, ikkje i vektklasser, og Gloppen har med 6 utøvarar.
Frå Brodd stiller Marcus Røed Frøyset i G15-16 år. Frå Breimsbygda Julia Jordanger Loen i J13-14, Vilde Sårheim i J15-16, Robert Andre Moldestad og Leiv Arne Sårheim Støyva i G15-16, og Ole-Kristoffer Sørland i G17-18.
Det vart sølv og to bronse for glopparane i NM 5-kamp i fjor. Etter konkurransen tysdag å dømme kan det bli endå betre resultat i år.