Jakob André Sandal.

Nei, nei, nei og ja

Ordførar Oddmund Klakegg (Sp), varaordførar Jakob André Sandal (SV), Reidun Støfring (Sp) og Anders Kristian Sægrov (H) representerer Jølster kommune i fellesnemnda for den nye storkommunen.

Dei tre førstnemnde har markert seg som sterke motstandarar av kommunesamanslåing.

Fellesnemnda skal vere operativ frå og med Stortinget har gjort sitt vedtak om samanslåing, seinast frå 1. juli i år. Nemnda skal vere samansett av sju medlemer frå Førde kommune, og fire medlemer frå kvar av dei andre kommunane Jølster, Gaular og Naustdal.

Valet i kommunestyret vart gjort som høvetalsval, der Senterpartiet, Arbeidarpartiet og SV stilte felles liste, det same gjorde Høgre, Venstre og KrF.

Vararepresentantar på førstnemnde liste er Arve Dvergsdal (Ap), Steinar Dvergsdal (Sp), Ingrid Søyland (Sp), Ragnhild Sæle (Ap) og Inger Jorun Årseth (Sp).

Svein Årdalsbakke (KrF) og Judith Kapstad (V) er vararepresentantar for den andre lista.