Jølster kommune vil ikkje gje Magne Sverre Høyseth konsesjon på dette bruket på Høyseth i Stardalen. Med mindre ein eventuell klage i saka fører fram, må han selje eigedomen eller busetje seg der innan 30. januar neste år.

Må selje slektsgarden i løpet av kort tid

– Det verkar sjølvsagt hardt for dei som sit med slektsband til eigedomen, men det er eit problem når for mange eigedomar er i bruk berre svært små delar av året, sa Steinar Dvergsdal (Sp) i Utval for plan og utvikling.


Utval for plan og utvikling avslo onsdag Magne Sverre Høyseth sin søknad om konsesjon på gbnr. 19/7 og 8 på Høyseth i Stardalen. No er han gjeven frist til 30. januar 2016 med å overdra eigedomen til nokon som kan få konsesjon eller nokon som ikkje treng konsesjon, eventuelt å flytte til bruket sjølv og oppfylle buplikta. Det siste har han uttala ikkje er aktuelt.

– Viser kva vi vil

– Det er på tide Jølster kommune viser kva vi vil. Vi har ein kommuneplan som seier vi skal ha levande bygder og vere ein attraktiv arbeids- og bukommune. Eg synest ikkje fritidsbustader gjer Stardalen til ein attraktiv buplass, sa Reidun Støfring og gav med det uttrykk for den generelle haldninga til Senterpartiet i spørsmålet om buplikt på gardseigedomar.

Magne Sverre Høyseth fekk heimel på eigedomen i februar 2005, og søkte om varig fritak frå buplikta året etter. Det fekk han ikkje, men fekk eit tidsavgrensa fritak fram til februar 2011. Han fekk seinare utvida fritaket fram til februar 2014, men han er framleis ikkje flytta til bruket. Då kommunen gjorde han merksam på brotet på buplikta i april i år, stadfesta Høyseth at han ikkje hadde oppfylt denne, og gav opp helsetilstanden som hovudårsaka til dette. 27. juli søkte han om konsesjon med varig fritak for buplikta.

Les meir i papirutgåva fredag.