Dagleg leiar Frode Lindvik lovar 15 nye arbeidsplassar i Strukturplast fram til 2020.

Lova 15 nye arbeidsplassar innan 2020

Strukturplast ønskjer eit kommunalt utleigebygg på Faleideflata. Det kan bli starten på ei industrisatsing i Gloppen med enormt potensial.

– Vi ventar vidare vekst og ser at vi får behov for meir plass, seier dagleg leiar Frode Lindvik. Innan tre år reknar han med å nå 80 mill. kroner i omsetning og auke arbeidsstokken med 15 tilsette.

Strukturplast er inne i ei svært positiv utvikling. Frode Lindvik ser føre seg ein omsetningsvekst frå dagens 40 mill. kroner til 80 mill. i 2020. Auka produksjon i ein slik storleik vil bety behov for mykje meir plass og meir arbeidskraft.

Bano-modellen

I dag presenterte han planane for bedrifta i Gloppen formannskap. Strukturplast ønskjer nemleg kommunal medvirkning etter same modell som då plasthallen på Øyrane i tilknyting til Bano vart reist i 2014 som eit kommunalt utleigebygg.
– Det var ei gunstig avtale både for oss og Gloppen kommune. Vi har kunne bruke midlane til vekst og utvikling som også har vore bra for kommunen, seier Frode Lindvik. Strukturplast ønskjer eit bygg på 3000 kvm i tilknyting til den eksisterande fabrikken i Mona. Området i vest som vert brukt til fotball i dag, er regulert til industri.
Strukturplast er som kjent ein del av Bano-gruppen saman med Probad AB i Sverige. Til saman omsette dei for 257 mill. kroner i fjor, medan målet var 240.

Gullggruve

Han opplyste at dei utviklar nye produkt for vegvesenet, og ikkje minst at Strukturplast har dokumentert eit nytt produkt med 38 års levetid i eit av dei mest aggressive miljø som kan tenkjast.
– Det er heilt suverent i forhold til gummi og vil revolusjonere oljebransjen. Eg trur dette kan bli ei gullgruve for Sandane eller heile Noreg. Det kan gjere Nordfjord til ein nasjonal kompetanseregion innan plast og kompositt. Dette kan danne grunnlaget for ei industrisatsing i Gloppen med enormt potensial, sa han til formannskapet.
Han peikar på at Strukturplast også er etablert på Moelv etter oppkjøpet av konkurrenten Mjøsplast.
– Vi ser at veksten vil halde fram, og vi ønskjer det skal skje på Sandane, men vi må også sjå på kva som er fornuftig, seier han.

I papiravisa kan du lese meir og planane og framtidsutsiktene til Strukturplast.