Grieg Saxophone Quartet består av Thomas Fossaert (f.v.), Roger Andreas Holme, Sjasmin Reitehaug og Morten Norheim.

Kvartett held konsert i kyrkja

Roger Andreas Holme frå Sørstranda i Gloppen går andre året på Griegakademiet i Bergen. 21. april tek han med seg tre musikarar til Vereide kyrkje og inviterer til konsert. – Eg gler meg til å kome heim og spele i heimfylket, seier han.


Roger Andreas Holme held på med ei fireårig bachelorgrad i utøvande musikk og har René Wiik som lærar.
Spelar i korps også

– Det er veldig kjekt. Eg er komen godt i gang med studiane og trivst i Bergen. Det er ein veldig fin by å bu i. Tre av medlemmene i kvartetten studerer saksofon ved skulen. Det er Sjasmin Reitehaug, Thomas Fossaert og eg. Thomas kjem frå Frankrike og studerer i år ved Griegakademiet gjennom eit utvekslingsprogram. For han er det spesielt interessant å få utforske folkemusikk frå Noreg. I tillegg har vi med Morten Norheim som har tatt master i utøvande saksofon, fortel 20-åringen.

Han tykkjer det er svært kjekt å vere med i kvartetten.

– Å spele i kvartetten er noko av det viktigaste vi gjer som klassiske saksofonistar. Vi er med i korps også. Eg spelar i Dragefjellets musikkorps i Bergen, seier han, som tidlegare har spelt i både Sandane skulekorps og i Gloppen Janitsjar.

Les meir i papirutgåva fredag.