Kulturnatt Nordfjord byr på spennande lommelykttur i Jølet. I Frislidlada kan små og store høyre Hanne Oftedal fortelje etterpå.

Kulturnatt i heile Nordfjord

Fredag kveld står heile Nordfjord i kulturen sitt teikn. Det er klart for den årlege Kulturnatt Nordfjord.

– I år legg vi opp til ein triveleg lommelykttur i Jølet. Vi skal gå ei løype der det dukkar opp spennande, kjekke og kanskje litt skumle ting, smiler Hanne Oftedal i Kulturnatt Nordfjord.

Ho fortel at denne turen er eit samarbeid mellom Barnas Turlag og Kulturnatt Nordfjord. Det skulle ikkje forbause om sjølvaste Turboreven også dukkar opp.

– Vi har med elevar frå Firda vgs.,kulturskulen og Nordstranda barnehage på opplegget, so dette vert spennande, seier Hanne.

Det vert sal av graut, og elles vankar det fine premiar. Ho kjem sjølv til å avslutte turen med nokre fortal i Frislidlada.

Det må elles takast med at Nordfjord Folkemuseum held sine utstillingar opne denne kvelden, so det er ein god sjanse til å få dei med seg.

I lag med Jeremias

– Sidan vi treffer med Kulturnatt på same helga som Jeremias-festivalen, var det naturleg at deira opplegg vert ein del av Kulturnatta.

– Så de slepp litt lettare unna arrangementet i år?

– Hehe, ja det kan du seie. Men det er sjølvsagt viktig at vi byggjer kvarandre opp, og det er ingen grunn til at vi skulle lage arrangement som kolliderer med dei utmerka tinga Jeremias-festivalen driv med, slår Hanne Oftedal fast.