– Ver modige, stå saman og ta styringa, sa Arvid Andeæs då næringslivsfolk i Gloppen og Eid møttest for å debattere kommunesamanslåing.

Køyr på - slå saman Gloppen og Eid

*Næringslivet i dei to kommunane møttest *Få kritiske røyster i salen

– Dei gode tidene i Noreg er over for alltid. Krava til effektivisering og rasjonalisering i offentleg sektor vert avgjerande i framtida. Stå saman, ver modige og ta styringa, sa Arvid Andenæs.


Den pensjonerte banksjefen i Sparebanken Sogn og Fjordane har for lengst stått fram som ein varm tilhengar av kommunesamanslåing mellom Gloppen og Eid. Måndag kveld snakka han til ei forsamling som i det store og heile deler hans syn.

Næringsmøte
Då møttest næringslivsfolk frå Gloppen og Eid på Sandane. Regien i møtet hadde Arve Sandal, tidlegare journalist og sparebanktilsett og meiningsfelle med Andenæs.

– Å fjerne strukturar krev mot. Vi vik unna for lett av og til, synest eg. Utviklinga krev at vi tek ny kunnskap i bruk. Kreftene må brukast der vi påverkar framtida, sa Andenæs. Han konstaterer at dei gode tidene i Noreg er over for alltid, og at krava til effektivisering i offentleg sektor vert avgjerande framover. Det handlar om utvikling eller forvitring, og om å vri ressursane over mot å skape vekstmiljø for utvikling av fleire arbeidsplassar i det private næringslivet.

Ikkje minst streka Arvid Andenæs under at grunnlaget for vekst er kompetanseutvikling i samarbeid mellom skule og næringsliv. Her er Andenæs overtydd om at dagens vidaregåande skular i Nordfjord må organiserast annleis.

Les meir om næringslivsmøtet i papiravisa onsdag.