«Norske byggeklosser» har premiere onsdag 21. februar.

Kinofest i vinterferien

Det blir kinovisning ved Gloppen kino kvar dag i vinterferien. Her blir det fleire premierar og ein drøss med andre filmar.


Blant filmane er det premiere på «Norske byggeklosser» og storfilmen «The shape of water». Dokumentaren om Per Fugelli blir sett opp, og det same med «The Post» med Meryl Streep og Tom Hanks.

Steven Spielbergs «The Post» handlar om USAs første kvinnelege eigar og avisutgjevar Katharine Graham (Meryl Streep) i The Washington Post, og hennar redaktør Ben Bradlee (Tom Hanks) gjennom nokre kritiske månader i 1971.

Filmen skildrar korleis den amerikanske regjeringa gjennom tre tiår førte det amerikanske folket og verda elles bak lyset med omsyn til den militære innblandinga si i Vietnam. Vi følgjer Graham, Bradlee og ei gruppe nitidige og besluttsame journalister hos The Washington Post i kappløp med den mektige rivalen The New York Times.

Tredje og avsluttande kapittel om Anastasia og Christian kjem i filmen «Fifty Shades Freed». Etter eit storslått bryllaup, lever Anastasia og Christian eit draumetilvere fullt av erotikk og luksus. Men mørke krefter truar. Nokon er ute etter å hemne seg på Christian, og Anastasia må forsøke å finne ut av sanninga før dei driv frå kvarandre. Den tredje filmen i Fifty Shades-serien, basert på E. L. James sine bestseljande bøker.

Som vår kollektive fastlege har han snakka i store, vakre bokstavar, og gjerne i krigstypar, om helsa vår. Samfunnsdebattanten og sosialmedisinaren Per Fugelli vart det siste halvanna året følgt tett av filmskapar Erik Poppe, og resultatet er eit personleg, tankevekkjande og humoristisk portrett. «Per Fugelli - siste resept» er ein rørande film om å leve for fullt til det heile er over.

Merete og Jens (Ine Jansen og Anders Baasmo Christiansen), eit par i tredveåra, har endeleg hellet med seg når dei heilt uventa arvar eit hus. Etter altfor mange år i sokkelleiligheita i bustaden til Jens si temmeleg eksentriske mor (Anne Marit Jacobsen), er dei overmodne for noko heilt eige. No har dei sjansen til å få det dei drøymer om: Eit hus med hage før dei får born. Dei må nok pusse opp litt, men kor vanskeleg kan dét være, liksom? «Norske byggeklosser» har premiere onsdag 21. februar.

I Marvel Studio sin «Black Panther» møter vi T'Challa, som etter sin far, Kongen av Wakandas død, returnerer heim til ein isolert, teknologisk avansert afrikansk nasjon for å overta trona og ta sin rettmessige plass som konge.

Når ein mektig, gammal fiende vender tilbake, blir T'Challas evner som konge - og Black Panther - sett på prøve. Han blir dregen inn i ein formidabel konflikt som set Wakanda og heile verda sin skjebne i fare. Stilt overfor forræderi og fare, må den unge kongen samle sine allierte og sleppe Black Panther si fulle kraft fri for å sigre over fiendane sine og berge sitt folks sikkerhet og livsstil.

«The Shape of Water» er eit romantisk fantasy-drama regissert av Guillermo del Toro, med Sally Hawkins i hovedrolla.

Bakteppet for filmen er den kalde krigen, og vi finn oss rundt 1962. Den einsame Elisa (Hawkins) arbeider som reinhaldar i eit laboratorium drive av myndigheitene, og lever eit liv i isolasjon. Hennar liv endrar seg for alltid når ho og hennar kollega Zelda (Octavia Spencer) kjem over eit topp-hemmeleg eksperiment på arbeidsplassen.

Del Toro beveger seg denne gongen bort frå horrorsjangeren, men leverer eit særeigent romantisk fantasy-drama kritikarane meiner er Del Tors beste film sidan «Pans Labyrinth». Filmen hadde verdspremiere på Filmfestivalen i Venezia – til ståande ovasjonar frå eit samla kritikarkorps – der han vann gull-løven for beste film.