Jørn Nedrebø var nær å miste livet i ei arbeidsulukke i mars. Førre held stod han på scena i spelet ”Elskhug og Eksis” på Nordfjordeid.

Jørn er på veg tilbake etter den alvorleg arbeidsulukka

Tolvte mars var Jørn Nedrebø ei hårsbreidd frå døden etter ei arbeidsulukke. Førre helg tolka han ein av rollefigurane i det historiske spelet på Nordfjordeid.


Jørn Nedrebø kom i klem i maskinen han arbeidde ved. Ein snarrådige og handlekraftige arbeidskollega kom tilfeldigvis forbi og frigjorde Jørn saman med kollegaer. Gjenopplivinga lukkast, og luftambulansen kom på plass.

Berga livet

Alt klaffa som det skulle, og Jørn berga livet, men det var i aller siste sekund. Hovudet er klart, og kroppen fungerer, med unntak for armane. Dei var ubrukelege rett etter ulukka.

– Dei berre hang og slang, seier Jørn og demonstrerer. Sidan gjekk eg i opptrening på sjukehuset to timar dagleg før eg kom heim 29. april, fortel han. Frå 15. juli skal han på tre veker rehabiliteringsopphald på Hauglandssenteret.

– No er venstre handa stort sett slik ho skal vere, eg manglar berre litt styrke. Det er verre med høgre handa. Ho tek det lenger tid å trene opp att, seier Jørn. Han er utolmodig av natur og tykkjer det går i seinaste laget.

– Eg har m.a. lyst å delta meir i gardsarbeidet og gjere mange ting, men ekspertane viser til at det er under fire månader sidan ulukka skjedde. Først etter eitt år kan dei seie korleis det vil gå. Dei meiner prognosane er gode, seier Jørn.

Les heile saka i papirutgåva fredag.