Inge Mykland (t.v.) og Roger Nordbø i Sandane Flyklubb øskjer velkomen til luftsportsdag på Sandane Lufthamn komande søndag

Inviterer til ein dag med luftsport på Sandane Lufthamn

- Det blir ein dag der publikum får oppleve eit breitt spekter av luftsportsaktivitetar, seier leiar i Sandane Flyklubb, Roger Nordbø.

Det skjer komande søndag på Sandane Lufthamn. Norges Luftsportsforbund (NLF) har som mål å auke aktiviteten uansett kva type luftsport det gjeld, enten det handlar om motorfly, mikrofly, seglfly, fallskjermhopping eller modellfly.

Prøveprosjekt
NLF ønskjer å gjennomføre opplegget på Sandane Lufthamn som eit prøveprosjekt for å sjå om dette er ein måte å auke rekrutteringa til luftsport på. Derfor har NLF delteke i planlegginga og skal vere med på gjennomføringa.
- Arrangementet er retta mot alle med interesse for luftsport, seier Roger Nordbø. Pilot Flyskole i Sandefjord vil kome med fly og tilsette for å fortelje korleis ein kan bli yrkesflygar.
I tillegg til at dei lokale flyklubbane vil kome til Sandane med sine fly, vil det også kome gjester utanfrå.

Akroflyging

Det vert akroflyging i regi av tilreisande fly, modellflyoppvisning ved medlemmer i modellflygruppa i Sandane Flyklubb og høve til å kjøpe turar med småfly. Ikkje minst ver det lodda ut gratis tur/returbillett med Widerøe til Bergen eller Oslo. Det vert også høve til å vinne ein tur med akrofly.

- Vi håpar mange vil ta turen til Sandane Lufthamn søndag, seier Roger Nordbø og Inge Mykland som begge er erfarne småflypilotar.