Gabriel Fliflet (t.h.) og Ole Hamre syter for musikalsk og verbal underhaldning på Thon Hotel Jølster i kveld.

Innleiar travel jazzhaust med Fliflet og Hamre i kveld

– Her blir det trykk, både musikalsk og verbalt. Dette vil rett og slett bli moro, seier Marit Hartvedt i Jølster jazzklubb.

Tradisjonen tru arrangerer Jølster jazzklubb konsert i samband med Din Jølsterdag. I kveld underheld duoen Ole Hamre og Gabriel Fliflet på hotellet på Skei.

– Tullar med det meste

– Dette må bortimot vere verdas minste storband, det blir mykje lyd, smiler Marit Hartvedt og gledar seg til å sjå og høyre Fliflet og Hamre.

Med trekkspel og trommesett, supplert med song, melodika og gryter, har duoen skapt sin heilt eigne stil som har begeistra både publikum og kritikarar i høgst ulike miljø.

– Dei tullar med det meste, dette kjem til å bli veldig kjekt, smiler Hartvedt og fortel at responsen på Facebook tyder på godt oppmøte.

Les meir i papirutgåva fredag.