Ole O. Moen. Pressefoto.

– Ikkje sikkert han sit i fire år

Neste veke kjem professor og USA-kjennar Ole O. Moen til Sandane med foredraget «USAs 45. president inntar Det hvite hus».

Foredragsserien «Verda og vi» held fram i år med seks nye foredrag. Først ut er Ole O. Moen. Han er professor emeritus ved Universitetet i Oslo og har doktorgrad i American Studies ved University of Minnesota. I over 30 år har han vore ein av dei mest nytta kommentatorane om amerikansk politikk og kultur i radio og fjernsyn. Han har òg skrive ei rekkje bøker om USA.

– Aldri sett liknande

– Dette er ein spesiell situasjon. Eg har drive med amerikansk kultur og politikk i over 50 år, men eg har aldri sett liknande. Den nye administrasjonen som kjem inn er veldig spesiell. Eg har følgt med på høyringane i kongressen, og det er ganske uvanleg at potensielle ministrar seier ting som er så forskjellige frå det sjefen seier og det han la til grunn i valkampen, seier Moen og viser til at Donald Trump formelt skal innsetjast som president komande fredag.

Det kom som ei stor overrasking på mange at republikanarane sin kandidat, av mange sett på som ueigna til å leie stormakta USA, skulle vinne kampen om presidentvervet. I foredraget i Trivselshagen vil Moen seie meir om korleis dette kunne skje og kva ein kan vente seg framover – både i forhold til innan- og utanrikspolitikk, NATO og Noreg.

– Eg kjem til å snakke om kva som gjekk gale, og trekkje opp faktorar som gjorde at Trump vann. Ansvaret for dette ligg i stor grad på pressa, som gav han særbehandling. Dei gav han 39 gongar så mykje tid som dei 16 andre republikanske kandidatane i primærvalkampen.

Les meir i papirutgåva måndag.