Siste frå politiloggen. (Illustrasjonsfoto)

Hjort parkerte bil

Ein bil var ikkje i køyrbar stand etter eit samanstøt mellom bil og hjort på E39 ved Helgheim kyrkje i Jølster natt til torsdag.

Det har vore to hjortepåkøyrslar ved Helgheim kyrkje natt til torsdag, i tillegg var det meldt om ei til på same stad onsdag. Det er ikkje meldt om personskade etter nokon av hendingane.

• • •

Ei kvinne i 40-åra vart innlagt på Førde sentralsjukehus til observasjon etter at ein bil og ein buss kolliderte på fylkesveg 616 mellom Elde og Endal vest for Davik i Bremanger onsdag melder Helse Førde AMK. Det var berre sjåførane som var i dei to køyretøya. Vegen var ei periode stengt.

• • •

Sjåføren kom frå det utan skader då brøytebilen han køyrde tok fyr ved Bortnetunnelen på fylkesveg 616. Lastebilen stod rett utanfor tunnelen på Svelgen-sida og vart etter kvart omgitt av flammer.

Det var ei periode frykt for at røyken skulle trekke inn i tunnelen, men det skjedde ikkje. Det stod eitt vogntog inne i tunnelen og nokre bilar i kø vest for tunnelen. Alt var ok med desse, skriv politiet.