Når 4H-arar frå Sogn og Fjordane reiser på leir, vert det mange ablegøyar (Foto: Lars Mariåsen)

Heilt konge på 4H landsleir

Mange frå fylket i kongelege omgjevnader.
Denne veka er over 1250 ungdommar i alderen 14 til 25 år på landsleir med barne- og ungdomsorganisasjonen 4H. Leiren held til på Bygdø Kongsgård i Oslo. Blant desse deltar 77 leirglade 4H-arar frå Sogn og Fjordane.
– Det å møte gamle og nye vener, i tillegg til nye opplevingar, er det kjekkaste med landsleir. På denne leiren er konserten med Bjelleklang eit soleklart høgdepunkt, men Razika er òg utruleg dyktige, fortel Lene Førde (17) frå Byrkjelo.
Med klåre hovud, varme hjarter, flinke hender og god helse kastar 4H-arane seg stadig ut i nye og utfordrande aktivitetar, samtlige med å «lære ved gjere» som motto. Under leiren er Oslo-attraksjonar, volleyball, swingkurs og aktiv læring på programmet, i tillegg til konsertar og sosialt samvær.
Ole-Andreas er sjef
Når det er så mange 4H-arar som reiser på leir, er det viktig å ha god styring. Ole-Andreas Førde (25) frå Byrkjelo er hovudleiaren til Sogn og Fjordane for tredje år på rad.
– Fantastisk ver, gode aktivitetar og utruleg kjekke ungdommar. Dette er sommarens høgdepunkt!, smiler Førde medan han ynskjer at fleire skal få oppleve dette.
– Vi er mange på leir i år, men der er alltid plass til fleire. Den beste staden å lære om seg sjølv og andre og ikkje minst møte nye vener du har livet ut – er på leir. Klarar vi 100 frå Sogn og Fjordane til neste år?