Dagleg leiar i Bolseth Glass AS, Geir Atle Bolseth, er nøgd med rekneskapen for 2014.

Godt resultatet for Bolseth Glass

Bolseth Glass AS har brukt store ressursar på produktutvikling og forsking. Det er nøkkelen til å møte utanlandsk konkurranse. I 2014 vart overskotet før skatt 6,3 mill. kroner

Bolseth Glass AS auka omsetninga med 13 prosent til 98 mill. kroner i fjor. Bedrifta sat att med eit overskot på 6,3 mill. kroner før skatt. Det er ganske nøyaktig to mill. kroner betre enn 2013.

Tøff bransje
– Rekneskapen er prega av utanlandsk konkurranse og beintøffe krav, medan omsetninga er prega av storleiken på prosjekta og kor tid dei er ferdige. Derfor går det litt opp og ned, seier dagleg leiar Geir Atle Bolseth. I årsmeldinga karakteriserer styret overskotet som i eit normalår for bedrifta.

– Vi er ganske fornøgde med rekneskapen med tanke på marknadssituasjonen. Vi arbeider hardt og mykje, og har dyktige medarbeidarar som leverer. Vi tener pengar, noko vi også er avhengige av for å vere i forkant, seier Geir Atle Bolseth. Nøkkelen er å satse betydelege ressursar på forsking og utvikling saman med bedrifta sine samarbeidspartnarar.

Årsresultatet etter skatt vart 4,5 mill. kroner mot 3,1 året før. Kvart år leverer Bolseth Glass overskot i millionklassen. I løpet av dei tre siste åra er det akkumulerte årsresultatet 14,6 mill. kroner.

Les meir om Bolseth Glass i papiravisa onsdag.