Gylne måltidsaugeblikk 2016 blei lansert på Paulushjemmet i Oslo denne veka. Landbruks- og matminister Jon Georg Dale saman med Randi Flesland (t.v.) i Forbrukarrådet og Christin Engelstad i Seniorsaken. Foto: Landbruks- og matdepartementet

Gloppen omsorgssenter i finalen

Gloppen omsorgssenter er ein av fem finalistar i den nasjonale konkurransen Gylne Måltidsøyeblikk 2016.

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale gratulerer dei fem finalistane.

– God mat og drikke syter for trivsel og livsglede. Eg er glad for å sjå at så mange alders- og sjukeheimar deltok i konkurransen. Alle dei fem finalistane i år har oppnådd ein høg poengsum. Det viser at mange sjukeheimar har stor kunnskap og merksemd på kva god mat og måltidsglede har å seie for dei eldre på institusjon, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale.

Har utmerka seg

Av dei om lag 200 alders- og sjukeheimane som deltok i konkurransen Gylne måltidsøyeblikk 2016, er det fem finalistar som har utmerka seg. Dei fem har, på grunnlag av spørjeskjemasvar, oppnådd dei høgaste poengsummane. Det var mogeleg å oppnå 80 poeng, og dei fem finalistene har alle oppnådd meir enn 74 poeng.

I finalerunden vil alle dei fem sjukeheimane få besøk av representantar frå Landbruks- og matdepartementet, Forbrukerrådet og Pårørandeaksjonen. Representantane vil danne grunnlaget for ei innstilling om kven som fortener å vinne Gylne Måltidsøyeblikk 2016. Både dei tilsette, bebuarar og pårørande vil bli høyrde. Tema for samtalene vil mellom anna vere mat, matglede, tilrettelegging av mat og måltid, bruk av lokale råvarer, og heilskapleg kvalitet. Filmsnuttar, bilete og intervjuguidar vil bli brukt for å fange opp atmosfæren på staden. I finalen vil alle dei fem sjukeheimane stille likt. Vinnaren vil få ein premie på kr 10.000,- i løpet av hausten 2016.

Dei fem finalistane er Vanylven omsorgssenter, Økernhjemmet, Oslo, Sundheim bu og treningssenter, Vinstra, Gloppen omsorgssenter og Løten Helsetun.