Home   >   Nyhende   >   – Gjekk over all forventning

Eivind Øygard sette ny krinsrekord under NM i halvmaraton. Arkivfoto frå NM i Sandnes tidlegare i haust.

– Gjekk over all forventning

Jølstringen Eivind Øygard sette ny krinsrekord med tida 1.06,35 under NM halvmaraton innlagt i Oslo Maraton.

Tidlegare i år vart Øygard nummer fem på 10.000 meter under NM i Sandnes. Femteplassen på halvmaraton var ei forbetring av Mons Bale frå Balestrand sin krinsrekord på halvmaraton frå 1997 med over tre minutt.

Hang på i 16 km

– Det var ei høvesvis tung løype, eg hadde sett føre meg å springe på rundt 68 minutt. Tida mi var over all forventning. Eg tok ein sjanse frå start og hang på dei beste så lenge eg greidde. Det blei tungt oppover mot St. Hanshaugen, så eg måtte roe ned for ikkje å sprekke. Eg hang på i 16 km, men då var det framleis fem kilometer att. Eg var sliten, men greidde å halde eit visst tempo inn til mål, fortel 25-åringen frå Stardalen.

Han trenar to gongar for dag ved sida av masterstudiar i idrett ved Norges Idrettshøgskule i Oslo. Neste mål i haust er NM i terrengløp i Vik.

– Der går eg for medalje og for å kvalifisere meg til Nordisk meisterskap i Danmark. Eg føler eg burde ha blitt teken ut i fjor, i år skal eg.

Neste år er 10.000 meter under NM i friidrett på heimebane på Byrkjelo det store målet.

– Der vil eg kjempe om medalje, det hadde vore utruleg kjekt å lykkast. I fjor var eg litt usikker på kor god eg kunne bli, men eg er blitt mykje betre i år. Eg har flytta nokre grenser, det er veldig motiverande. No er det viktig ikkje å bli for ivrig, seier Eivind Øygard.

Bronse til Holsen Kyte

Også fleire andre utøvarar frå Sogn og Fjordane leverte strålande innsats under NM i halvmaraton.

Karoline Holsen Kyte, Førde IL, sikra bronsemedaljen i kvinneklassa med tida 1.17,17 og sletta dermed Kari Rønnestad, Balestrand IL, sin krinsrekord på distansen på 1,20,10 sett i 1991.

Førde-løparen Marius Vedvik, som representerer bergensklubben Gular, blei nummer fire i løpet med tida 1.05.52, litt bak årsbeste på distansen med 1.05,18.

– Imponerande prestasjonar av utøvarane frå Sogn og Fjordane. Dei er alle tre heilt i noregstoppen på halvmaraton, og vi har mykje i vente på denne distansen framover frå desse som alle er relativt ferske på distansen, seier organisasjonssjef Narve Heggheim i Norges Friidrettsforbund.