GHK sikra to viktige poeng mot Sogndal. Her er Edvin Øygard og Ørjan Sundal i aksjon mot Os tidlegare i sesongen.

GHK-herrane gjorde jobben

GHK gjorde jobben i bortekampen mot Sogndal og kan framleis rykkje opp.

Det er håp i hengande snøre, men snøret er tynt. GHK gjekk på eit kanskje fatalt tap mot opprykksrival Viking 2 førre helg

- Har gjort vårt

GHK sitt opprykk kviler nemleg på at Viking 2 avgjev poeng. GHK har berre éin kamp igjen og kan nå opp i 30 poeng med siger. Viking 2 har 27 poeng nett no og to kampar igjen, den første går mot Åsane torsdag, den siste mot Sotra.

- Skal vi opp, måtte vi vinne. No har vi i alle fall gjort vårt, seier trenar Kjell Aske.

Han fortel at oppgjeret  mot Sogndal vart ein slitekamp.

Brende sjansar

- Vi starta med å brenne ei rekkje sjansar, til og med straffe, fortel Aske.

Ved pause leia GHK med eitt mål. Andre omgang følgde same mønster, og GHK måtte slite for å sikre sigeren. Først fem minutt før full tid senka trenaren skuldeane og innsåg at det kom til å bli to nye poeng.

Kjell Aske dreg fram Tarjei Bjørkum Vereide og Magnus Ødven Grytting som viktige brikker i kampen. Førstnemnde scora sju mål, medan sistnemnde fekk fire nettkjenningar på eit viktig tidspunkt av kampen.

Mestscorande vart Ørjan Sundal med åtte mål der fire var på straffer.