Runar Gåsemyr og GHK bør ha gode sjansar til å slå BI på heimebane.

GHK har to nye poeng i sikte

GHK møter BI heime i Trivselshallen i morgon ettermiddag. Det bør gje laget den sjette sigeren på sju forsøk denne sesongen.

Mannskapet til Daniel Dammyr har poengmessig levert i overkant av kva ein kunne vente før seriestart, men som trenaren sjølv understrekar: Prestasjonsmessig er det framleis ein del å hente og rikeleg å arbeide vidare med.

Trass i at prestasjonane har variert, har laget henta heim elleve av tolv moglege poeng. Det seier sitt, og betyr at glopparane er klare favorittar når BI kjem på vitjing.

Bergenslaget har tre sigrar og tre tap så langt, sist blei det 42-38-siger heime mot Bjørnar 2. Til samanlikning har GHK slått Arna-laget to gongar i haust, 31-19 heime og 28-21 borte. Legg vi til at GHK knuste BI 39-24 i Trivselshallen i mars, er argumenta mange for heimesiger i morgon.

GHK-damene har spelefri fram til 22. november. Då kjem botnlaget Jotun på besøk.