– Vi må løfte oss på fleire felt om vi rykker opp. I så fall må vi setje oss ned og tenkje kloke tankar, seier leiar i sportsleg utval i GHK, Kjell Aske. Arkivfoto.

Går dei for opprykk?

– Det er litt for passivt å bestemme på eit møterom at vi ikkje skal rykke opp. Kvalifiserer vi oss, spelar vi i 2. divisjon neste sesong, seier leiar i sportsleg utval i Gloppen handballklubb, Kjell Aske.

GHK sitt herrelag har vore det beste laget i 3. divisjon så langt, og har ei komfortabel luke på toppen av tabellen. Etter å ha vore i tenkjeboksen, har sportsleg leiing og styret bestemt at klubben ikkje skal reservere seg mot opprykk.
Har vege for og imot

– Viss vi har nok spelarar som har lyst til å vere med ein divisjon høgare, blir det for dumt om vi seier dei ikkje får høve til det. Det er det same som å seie at vi ikkje har tru på dei. Det dreiar seg om å vere framover- eller bakoverlent, seier Kjell Aske og fortel at klubben har vege for og imot om ein skal gje frå seg sjansen til å rykke opp eller ikkje.

– Sjølv om neste års 3. divisjon kvalitetsmessig blir eit hakk opp, ser vi at nivået i divisjonen ikkje er all verda. Ved å bli verande i 3. divisjon, mister vi kanskje nokre spelarar som går til andre klubbar eller ønskjer å prioritere annleis, seier han.

På den andre sida peikar han på nokre av utfordringane ved eit opprykk.

– Vi veit vi ikkje kva avdeling vi endar i, det har vi ikkje fått svar på. For vår del, med fleire spelarar buande i Bergen, ville det vere genialt å kome i ei avdeling med lag frå Hordaland og Møre og Romsdal. Det vil ikkje vere like genialt å måtte spele mot lag frå Trøndelag, seier Aske.

Må gjennom kvalifisering

I motsetnad til tidlegare sesongar, rykker ikkje vinnaren av 3. divisjon automatisk opp i 2. divisjon. På grunn av omlegging av seriesystemet, skal det berre vere fire 2. divisjonsavdelingar i landet neste år. 3. divisjonsvinnarane må dermed gjennom ei tøff kvalifisering for å kome gjennom nålauget.

– Vi har absolutt ikkje rykka opp enno, det står eit stort hinder att, understrekar Aske og fortel at ein av grunnane til at ein no ønskjer å ta utfordringa med å rykke opp ein divisjon, er at spelarstallen ser ut til å halde seg nokolunde intakt neste sesong:

– Vi har kartlagt ein del, og laget blir sikkert omtrent som i år. Edvin Øygard blir ferdig med studiar og flyttar heim. Han har erfaring og vil bli ein god bidragsytar, seier Kjell Aske.