Home   >   Nyhende   >   Fylkeskommunen med overskot

Fylkesrådmann Tore Eriksen rapporterer om ein fylkeskommune som gjekk med ovesrkot i fjor. (Arkivbilete)

Fylkeskommunen med overskot

Fylkesrådmannen har lagt fram fylkeskommunen sin rekneskap for 2016. – God budsjettdisiplin og god økonomistyring gjev eit overskot på 14,5 millionar kroner, skriv fylkesrådmann Tore Eriksen.
 
Overskotet er noko lågare enn snittet dei fire siste åra. 2016 er då også første året der inntektene har gått vesentleg ned, med bakgrunn i det nye inntektssystemet. Sett i lys av det, må resultatet seiast å vere bra, melder han.
 
Netto driftsresultat
Netto driftsresultat vert nytta som ein indikator på kor godt resultat ein fylkeskommune/kommune har. For fylkeskommunar er det no tilrådd å ha eit netto driftsresultat på minst fire prosent (av samla driftsinntekter).
 
Netto driftsresultat 2016 for Sogn og Fjordane fylkeskommune er på 214,9 millionar kroner, det vil seie 6,8 prosent. Tilsvarande tal i 2015 var 5,3 prosent.
 
Budsjettstyring
– I budsjettstyringa skil vi mellom anslagsløyvingar og ordinære løyvingar. Anslagsløyvingar er løyvingar som stort sett er lite «styrbare». Det tyder at sluttresultatet på postane er avhengig av faktorar fylkeskommunen ikkje kontroll på. Ordinære løyvingar er styrbare, her kan vi i stor grad skal ha kontroll på sluttresultatet, skriv Eriksen.
 
– For dei styrbare løyvingane har fylkeskommunen som prinsipp at vi skal ha budsjettdekning for dei tenestene vi yter. Med sterkt søkjelys på budsjettdisiplin vert difor ikkje alle budsjettpostar nytta fullt ut; vi styrer så nær opp til 100 prosent som råd.

Dette gjev mindre innsparingar på ein god del postar. Dette er ein hovudforklaring på at vi kjem ut med ei netto innsparing på 7,6 millionar kroner på sektornivå i 2016.
 
Fellesinntekter- og utgifter
Fellesinntektene og -utgiftene er i stor grad «ikkje styrbare» løyvingar. Samla fekk vi i 2016 ei netto meirinntekt/innsparing her på 6,9 mill. kr.
 
Skatt og rammetilskot er hovudinntektskjeldene våre og utgjorde nær 2,4 mrd. kr i 2016. På desse to inntektspostane fekk vi ei meirinntekt på om lag 8,7 mill. kr (0,35 prosent). Skatteinntektene for fylkeskommunane har hatt ein sterk auke i 2016.

Prognosane har auka frå 3,6 prosent i statsbudsjettet for 2016 til det endelege resultatet på 7,2 prosent. Vi har gjennom året auka skatteanslaget vårt to gonger med til saman 15 mill.kr. Endeleg resultat er ytterlegare 8 mill. kr betre, skriv fylkesrådmannen.
 
På dei andre områda innan fellesinntekter og -utgifter er det berre mindre avvik som samla utgjer ei mindreinntekt på 1,7 mill.kr.
 
Sektornivået
Sektornivået i fylkeskommunen har ei netto ramme på vel 2,2 mrd. kr. Med eit mindreforbruk på 7,6 mill. kr har sektorane våre, sett under eitt, ei budsjettgjennomføring på om lag 99,6 prosent. Dette meiner fylkesrådmannen er svært bra.
 
Forvaltning
Forvaltning står for netto 3,8 mill. kr av denne innsparinga. Dei største postane her er eit mindreforbruk på 0,7 mill. kr på politisk styring/kontrollutval, 1,3 mill. kr på administrasjonen og 1,8 mill. kr på bygg og eigedomsforvaltning/administrasjonslokale.
 
Opplæring
Opplæring har eit samla mindreforbruk på 0,8 mill.kr i 2016. Dei største postane med mindreforbruk er vedlikehald og drift av skulebygg (2,2 mill. kr), kjøp av pedagogisk-psykologiske tenester frå kommunane (1,1 mill. kr) og tilpassa opplæring (1,9 mill. kr). Dei største postane med meirforbruk er opplæring i bedrift (7,1 mill. kr) og fagprøvar (1,0 mill. kr).
 
Dei vidaregåande skulane og fagskulen har ei samla innsparing på ordinær drift på om lag 5,5 mill. kr i høve budsjett 2016. Skulane har resultatoverføring (til 2017). Innsparinga påverkar såleis ikkje det samla rekneskapsresultatet.
 
Tannhelse
Tannhelse har ei innsparing på 2,6 mill. kr. Også denne sektoren har resultatoverføring (til 2017), og innsparinga påverkar såleis ikkje samla rekneskapsresultat.
 
Næring og kultur
Næring og kultur har samla eit netto mindreforbruk på 1 mill.kr. Av dette ligg 0,8 mill. kr innan kultur.
 
Samferdsle
Samferdsle har eit samla netto mindreforbruk på 1,8 mill. kr. Dei største postane med mindreforbruk er fylkesvegar, miljø og trafikktryggingstiltak ( 0,6 mill. kr) og båtruter ( 6,9 mill. kr). Dei største postane med meirforbruk er bilruter (1,5 mill. kr) og fylkesvegferjer (2,9 mill. kr).  
 
Fylkesveg–drift og vedlikehald har ei innsparing på 9,5 mill. kr som vert overført til 2017 (resultatoverføring). Dette påverkar ikkje rekneskapsresultatet.