Home   >   Nyhende   >   Folk på bygdene er betre budde på flaum

Illustrasjonsfoto: Kristian Vabo/NTB scanpix/NPK.

Folk på bygdene er betre budde på flaum

67 prosent av dei som bur på mindre stader meiner dei ville klart seg åleine med nok mat, drikke og brensel i tre døgn ved storflaum. I byar med over 100.000 innbyggjarar trur under halvparten det same.

Det syner ei fersk undersøking gjennomført for Røde Kors av Respons analyse.

Om ein ser landet under eitt svarte 55 prosent at dei ville klart seg i tre døgn.

– Styresmaktene rår til at vi skal kunne ta vare på oss sjølve i inntil tre døgn dersom det skjer ei krise. Men denne undersøkinga viser at berre litt over halvparten av befolkninga har nok mat, vatn og brensel til å klare seg i tre dagar. Vi oppmodar alle til å sjekke at dei har det dei treng for å klare seg om noko skulle skje, seier generalsekretær i Raude Kors, Bernt G. Apeland, i ei pressemelding.

I år er risikoen for ein stor vårflaum større enn normalt.

– Vi er redde for at vi ikkje førebur oss godt nok på flaum og andre kriser. Vi ber folk ta innover seg den store flaumfaren, følgje med på varsla og sikre eigedom og verdiar, seier Apeland. (©NPK)