Frå "Invasjon". Foto: SOFT.

Fjogningane er glade i teateret sitt

Pressemelding:

Det bur omlag 110.000 menneske i fylket vårt. Drygt 18.000 av dei besøkte Sogn og Fjordane Teater i 2017. Trekkjer vi frå dei som var for små til å gå på teater, dei som var vekkreiste og dei som dessverre ikkje var heilt i form, fortel det éin ting: Fjogningane er glade i teateret sitt! 

Denne kjærleiken frå publikum prøver vi å ta vare på så godt som vi berre kan. I løpet av året besøkte vi absolutt alle kommunane. Vi sette opp 223 framsyningar på 60 forskjellige spelestader. Vi presenterte tolv forskjellige titlar, og seks av desse var eigenproduksjonar.

Det presise publikumstalet var 18.094, og det er ein auke på nesten 3.000 frå året før. Teateret legg samstundes vekt på å arbeide langsiktig med publikumsutvikling, og er opptekne av at gjennomsnittet for dei siste åra skal ha ei positiv utvikling.

Populært blant folk

Den store publikumssuksessen var «Evig ung». Stykket har gått sin sigersgang på scener i Skandinavia og elles i Europa, og Sogn og Fjordane valde å lage sin eigen versjon med vekt på eiga historie som turnerande teater. Resultatet blei fulle hus og omlag 3.400 selde billettar.

Eventyrrommet i Førdehuset er blitt ei fast scene for dei minste. Her er det også den gode forteljinga og det vestnorske språket som står i sentrum. Eventyrrommet er ope for heile familien, og både skular og barnehagar blir inviterte. I tillegg turnerer teateret med eventyr og forteljingar for dei minste. 2.800 små og store hadde glede av desse framsyningane.

Betre i lag

Samarbeid er eit nøkkelord for Sogn og Fjordane Teater. Særleg ønskjer vi å engasjere dei unge. I 2017 synte teateret tre ulike framsyningar i Den kulturelle skulesekken Sogn og Fjordane fordelt på klassikaren «Privattimen» og samtidsdramatikk i framsyningane «Fugletribunalet» og «Invasjon». Den raude tråden i desse produksjonane var makt og misbruk av makt.

Saman gav vi stykka ei engasjerande og humoristisk form som trefte dei unge og gav grunnlag for samtalar om identitet, kultur, fordommar og tida vi lever i. 5.300 elevar på ungdomsskulen og i den vidaregåande skulen såg stykka, i tillegg til omlag 3.000 på dei opne framsyningane.

Sogn og Fjordane Teater var saman med Førdefestivalen ein av samarbeidspartnarane bak nyproduksjonen «Sunniva no». Saman med Rom for ord, som er eit utvida litterært kulturtilbod i byen og bygdene ikring, arrangerte vi fleire formidlingsaktivitetar i tillegg til at «Nynorsk barnebokfest» såg dagens lys. Teateret bidrog også fagleg til oppsetjinga av «Nøtteknekkaren» som Danseverkstedet og Førde kulturskule produserte.

Dukkar opp att neste år

Den årlege publikumsmagneten Kinnaspelet fekk dessverre vêrgudane imot seg i år. Sjeldan har det vore våtare og kaldare på den historiske spelestaden. Dette gjekk ut over besøkstalet. 1500 såg spelet, ein nedgang på tusen samanlikna med tidlegare år.

Teateråret vart avslutta med monologen «Miriam si forteljing - Juleevangeliet». Framsyninga er første del av ein trilogi som skal gå fram til og med 2020. Her handlar det om kvinnene rundt Jesus: Tanta Miriam som var til stades då han blei fødd, Maria Magdalena som følgde han på vandringane hans, og til slutt mora Maria som med eigne auge måtte sjå at han blei korsfesta.

Tida framover

Sogn og Fjordane Teater skal vere eit moderne, offensivt, produserande og turnerande teater med høg kunstnarleg kvalitet. Dette klarte vi i 2017 – og hadde til og med eit overskot på 278.599 kroner. Vi er no godt i gang med 2018, og har ikkje tenkt å kvile på laurbærblada!