Sofia Hyttedalen fekk Draumestipendet overrekt av kulturskulerektor Ann Karin W. Ose.

Fekk hjelp til å realisere ein draum

– Det er stort berre å bli nominert. Å vinne Draumestipendet er fantastisk, seier Sofia Hyttedalen. Ho drøymer om å gjere song og musikk til levevegen sin.

Det er Gloppen kulturskule sin Sommarfest og mange tilhøyrarar på Heradsplassen. I tur og orden har solistar, elevar i små og større grupper underhalde. Heilt til slutt er det 15 år gamle Sofia sin tur.

Talentfull

Kvart år vert det utdelt 100 draumstipend i Noreg i samarbeid mellom Norsk Tipping og Kulturrådet. Kvar einaste kommune i landet nominerer sine kandidatar. Derfor er konkurransen svært stor, men Sofia Hyttedalen har greidd det.

– Stipendet skal gå til svært talentfulle ungdomar, og hjelpe dei til å realisere draumen sin enten det er innan dans eller song, opplyser kulturskulerektor Ann Karin W. Ose. Ho nøler ikkje med å karakterisere Sofia Hyttedalen som svært talentfull. På Gloppen kulturskule har ho hatt såkalla talentplass.

– Sofia skriv all musikken sin sjølv, arrangerer songane og lagar playback, fortel rektor.

Les meir i papirutgåva måndag.