Feira fire tiår med flott framsyning

Elevar og tilsette ved Sandane skule tok publikum med på ei musikalsk reise gjennom 40 år då dei onsdag inviterte til kulturkveld. Det vart ei minnerik oppleving for dei frammøtte i kultursalen.

Fengande songar og dansar frå dei fire siste tiåra stod på programmet då Sandane skule inviterte til eit nytt kulturelt høgdepunkt i Trivselshagen si storstove.

Skulen 40 år i 2017
Er det ein ting som kjem til å sitje att denne gongen, er det utan tvil den flotte songen til elevane. Det var imponerande å sjå og høyre dei – både i større grupper og i felleskoret. Alle tekstane kunne dei utanav. For publikum i salen dukka den eine kjende dansen opp etter den andre – «Fugledansen», «OL-floka», «Macarena» og «Gangnam style». Innimellom fekk vi oppleve små dialogar mellom elevar på scena. Det gav publikum nokre glimt inn i skulekvardagen.

Sandane skule var 40 år i fjor. Det tykkjer Linn Kristin Øren er verdt ei feiring.

– Idéen til showet tek utganspunkt i at det er 40 år sidan skulen stod ferdig, og vi har brukt mykje tid på å sy saman programmet. For elevane sin del har dei to siste vekene gått med. Dei siste dagane har vi øvd ganske intenst her i kultursalen, fortel rektor.

Ho var svært godt nøgd etter framsyninga.


– Eg er svært stolt over å vere ein del av Sandane skule. Elevar og tilsette har jobba knallhardt for å få dette til, sa rektor Linn Kristin Øren etter premieren onsdag kveld.

– Sveisar alle saman
– Det gjekk kjempebra. Eg klarte nesten ikkje å sitje i ro, og sat berre å rocka. Dette var veldig, veldig kjekt. Eg er kjempestolt av elevane våre, smiler ho, og legg til at ho har fått god hjelp av kollegiet.

– Trond Haugen har hatt regien dei tidlegare åra, og det har han hatt i år også. Han er gull verdt, og gjer ein ufatteleg god jobb for at alt skal flyte så fint som det gjer, seier ho nøgd.

Sandane skule skipa til den første kulturkvelden i 2001. I dag blir kulturkvelden arrangert kvart andre år.

– Dette er ei storstila mønstring. Kva er bakgrunnen for at de gjer dette?

– Det er viktig for å sveise elevar og personalet saman. Gjennom dette fellesløftet blir vi kjende med kvarandre på ein heilt annan måte enn i den vanlege skulekvardagen. Eg tykkjer det er fint at gruppene som står på scena er blanda i alder. Her er små og store elevar som jobbar i lag for å få til sin del av showet, fortel ho.


Marie Myrlid Bøe, Nora Hugvik og Jenny Langeteig tykte det var moro å stå på scena under kulturkvelden.

– Kjekt å stå på scena
Nora Hugvik går i 5a på Sandane skule. Ho var med på framføringa av «Spice girls», «OL-floka» og alle fellessongane.

– Det var veldig kjekt alt saman, men det aller kjekkaste var å vere «Spice girls» og danse på scena. Det har vore kjekt å øve til denne kulturkvelden, for det er så mykje song og dans. Det likar eg. Eg går på dans og piano på kulturskulen, og er med i Sandane Soul Children, fortel ho, og legg til at dette er den tredje kulturkvelden ho er med på.

– I år prøver vi å vise kva som har skjedd i løpet av dei åra Sandane skule har eksistert, forklarer 11-åringen.

Jenny Langeteig går i 3a.
– Eg var med på å danse «OL-floka» og «Macarena». Eg likte den siste dansen best, fortel ho.

– Var det kjekt å stå på scena i kveld?

– Ja, alle i salen fekk sjå programmet som vi har øvd inn. Mamma, pappa og bror min var der, fortel 9-åringen.

Marie Myrlid Bøe går i same klasse som Jenny.

– Eg tykte det var kjekkast å danse «Macarena», for då fekk eg stå fremst. Det var moro, smiler ho.


– Vi skal vise deg alt vi får til, song elevane i 1. og 6. klasse. Skulen hadde laga eigen tekst til «Mamma Mia». Klikk på biletet for større versjon.


Her held dei varmen med å danse OL-floka, som var populær under OL på Lillehammer i 1994. Her er elevar i 2A, 3A og 5A med på scena. Klikk på biletet for større versjon.


Ane Fitje Woxen var solist under framføringa av «Heal the World» (1991) av Michael Jackson. Klikk på biletet for større versjon.


«Macarena» er frå 1993. Elevane i 2A, 3A og 5A var med på dansen. Klikk på biletet for større versjon.


«I denne jungelen» er frå 2014. Her er elevane i 4. og 7. klasse med. Klikk på biletet for større versjon.


«Gangnam style» gjekk som ein farsott over store deler av verda i 2012. Klikk på biletet for større versjon.


«Blime-dansen» er frå 2017. Klikk på biletet for større versjon.


Desse elevane var solistar då skulekoret framførte «Barn av regnbuen» av Lillebjørn Nilsen. Klikk på biletet for større versjon.


Elevkoret avrunda kulturkvelden med fire fellessongar. Her framfører dei «Forelska i lærer`n». Skulen har 251 elevar i år fordelt på 13 klasser. Det er 43 tilsette ved skulen. Klikk på biletet for større versjon.

Illustrasjonsfoto.