Gloppen Kino er opna att og då kan folk m.a. få med seg Kongens Nei.

Er opna att

Gloppen kino har no opna att etter tekniske problem i førre veke.

– Vi har funne feilen og dermed fått maskina opp og gå igjen, fortel kinosjef Ola Tarjei Kroken. Det var ein sensor til hovudvifta som var øydelagt, og då går maskina automatisk av. Etter å ha lokalisert feilen og dette ikkje var sjølve hovudvifta var det greitt å finne ei løysing som gjer at vi igjen kan vise filmar på kinoen.

Første gong


Dette er første gong Gloppen kino har vore stengt meir enn ein dag etter at den nye maskina kom for over 5 år sidan.

– Sånn sett skal vi ikkje klage for mykje over at det denne gongen gjekk ei veke tapt for kinopublikummet vårt, men det er jo alltid kjedeleg å halde stengt, seier Kroken. Hadde det vore sjølve hovudvifta som var øydelagt kunne det medført fleire veker med stengt kino.

– Det hadde vore kritisk, for no er filmhausten for alvor i gong med fleire storfilmar på veg inn. Allereie i kveld er det norgespremiere på Kongens Nei som nok er den største, norske filmen i år. I tillegg går suksessen Bridget Jones Baby akkurat no, så vi gjer oss klare for full kinosal utover hausten, avsluttar ein letta Kroken.