Home   >   Kultur   >   Er Årets bluesklubb 2015

Fjæra Bluesklubb har god grunn til å juble etter å ha blitt kåra til Årets bluesklubb i Noreg. Her er delar av styret samla. F.v. Maren Elise Vereide, Anita Helgheim, Hans Andenæs, Eirin Alden Sæthre, Peter Holvik Lothe og Allan Mardal. Foto: Bjørn Grov.

Er Årets bluesklubb 2015

– Dette er stort for heile klubben og betyr motivasjonsmessig mykje. Det er ei vitamininnsprøyting, seier leiar i Fjæra Bluesklubb, Hans Andenæs.

Under landsmøtet i Norsk Bluesunion på Kongsvinger i helga, vart 25 år gamle Fjæra Bluesklubb kåra til Årets bluesklubb 2015.

– Overveldande fleirtal

– Vi er ein liten klubb frå ein liten plass, så det blir lagt merke til i bluesmiljøet at vi får til såpass mykje, seier Hans Andenæs.

Han var til stades på landsmøtet og tok imot det synlege provet på at bluesklubben på Sandane vart kåra til den beste av dei 60 klubbane i Norsk Bluesunion i 2015.

– Tre klubbar var nominerte til prisen. I tillegg til Fjæra Bluesklubb, var dette Oslo Bluesklubb og Vinger Blues & Soul Club frå Kongsvinger. Vi fekk fem minutt kvar til å presentere oss, deretter røysta alle dei tilstadeverande klubbane på kven dei meinte burde bli Årets bluesklubb. Vi fekk ikkje vite røystetalet, men det blei sagt at eit overveldande fleirtal røysta på oss, smiler Hans Andenæs.

Les meir i papirutgåva onsdag.