Tidlegare Sandane Hotell.

Eigar vil selje

– Eg vil selje. Det handlar berre om pris, seier Jan Haveland. Han eig Sandane Hotell og hevdar å ha interesserte kjøparar på hand.

Måndag i denne veka var Sandane Hotell tema i Gloppen formannskap. Det skjedde for lukka dører. I følgje rådmann Jan Kåre Fure skulle formannskapet drøfte strategi overfor eigaren av Sandane Hotell, Jan Haveland.

I dårleg stand

I fleire år har Sandane Hotell stått tomt. Utan nødvendig vedlikehald har bygget gradvis forfalle. Det er etter kvart blitt eit skjemmande element, meiner mange, også kommuneadministrasjonen og politikarane.

– Årsaka til at Sandane Hotell stod på saklista, var at ordføraren ønskte det nye formannskapet skulle få ei orientering og diskutere korleis saka skal gripast an, seier Jan Kåre Fure. Han peikar også på at kvar gong Sandane sentrum vert tema, vert det fokus på Sandane Hotell.

– Problemet er at slik det står ved innkøyringa til eit sentrum vi har brukt mykje pengar på å ruste opp, er det lite vakkert, seier Fure og meiner betongbygget er skjemmande.

Jan Haveland opplyser at det er interessantar som vurderer å kjøpe bygget.

Les meir i papirutgåva fredag.