Ove Eide vart ordentleg rørt då han vart overraska med Kongens fortenestemedalje.

– Ei ære å få fortenestemedaljen

Ove Eide var budd på å takke for laget med kollegaer, men fekk seg litt av ei overrasking då ordførar Anders Ryssdal dukka opp i Frislidlada på Nordfjord Folkemuseum torsdag og overrekte han Kongens fortenestemedalje.


– Det er overveldande når ein ikkje veit om det. Eg var budd på å ta avskil med kollegaer, som er sterkt nok i seg sjølv. Eg har mange gode kollegaer og vener etter 31 år ved skulen. Å skulle slutte er ei kjenslemessig oppleving berre det, og så kjem dette på toppen som eg er heilt ubudd på. Det var veldig sterkt. Eg vart rørt, sa Ove Eide like etter overrekkinga.

– Meir enn kjekt

Han vedgår at han som lærar likar å ha kontroll.

– Eg likar å vere med på regisida. Dette kom heilt uventa, seier han.

– Men litt kjekt var det vel?

– Ja, det var meir enn kjekt. Det var heilt utruleg å få ei slik ære, slår han fast.

Les heile saka i papirutgåva måndag.