Ola Nyhagen kjenner historia om russarfangane og Russehola betre enn dei fleste. Her er han på vitjing i hola denne veka.

– Drøymde ikkje om livsteikn

– Vi trudde dei fire enda dagane sine i Stalin sine leirar, seier Ola Nyhagen (84).

Nyhagen var den første i Gloppen som fekk melding om at ein av dei fire russarane som overvintra i Russehola, Nikolaj Tsjitsjulin, framleis er i live.

Tidleg i sommar tikka det inn ei tekstmelding frå Michael Stokke i Narviksenteret: «Jeg har fått en spennende epost frå Russland ang Russehola. Si frå når du er ledig for samtale».

– Eg drøymde ikkje om at det var livsteikn. Det einaste vi hadde høyrt, var frå sonen til Sergej, ein av fangane som var i leiren på Sandane. Det var kjekt å konstatere at Sergej kom heim, men det skein gjennom at han levde og døydde som ein skugge av krigen, fortel Ola.

Han hugsar godt dei russiske krigsfangane.

– Eg var 11-12 år den gongen. Vi ungane kunne nærast gå fritt på arbeidsplassane deira. Slik vart vi godt kjende med dei. Særleg Andrej fekk eg ekstra godhug for etter å ha sett han gå bak eit hjørne og spy.

Les meir i papirutgåva fredag.