Anne Kristin Moe er i dag konservator ved Norsk Folkemuseum og har ein allsidig bakgrunn, ho tek til som ny sjef på Nordfjord Folkemuseum den 1. mars neste år. Foto: Norsk Folkemuseum

Dette er den nye sjefen på Nordfjord Folkemuseum

Anne Kristin Moe er tilsett som ny sjef for Nordfjord Folkemuseum etter Aslaug Nesje Bjørlo, som skal gå inn i pensjonistane sine rekker. Moe tek til i stillinga 1. mars neste år.

Eit samrøystes innstillingsutval vedtok å tilby avdelingsdirektørstilling i Musea i Sogn og Fjordane, avd. Nordfjord Folkemuseum, til Anne Kristin Moe, som har takka ja til stillinga.

Konservator på Norsk Folkemuseum

Anne Kristin Moe er utdanna ved Høgskolen i Telemark og Universitetet i Oslo og har mastergrad i kulturhistorie. Ho er i dag tilsett som konservator for eldre bygdekultur ved Norsk Folkemuseum og har sidan 2011 hatt det kulturhistoriske ansvaret for museets gjenstandar knytt til bondesamfunnet.

Ved Norsk Folkemuseum har ho også fått erfaring frå å arbeide med kulturelt mangfald i konkrete prosjekt, og i eit perspektiv som er integrert i den generelle museumstenkinga. Ho har også deltatt i internasjonale prosjekt og er p.t. involvert i Norway Grants-prosjektet «Making and Growing» om norsk ull og litauiske lintradisjonar, saman med Fine crafts association of Vilnius.

Bunadsekspert

Anne Kristin Moe har også vore dagleg leiar ved Norsk Institutt for bunad og folkedrakt som er ei avdeling i Valdresmusea.
Moe har halde fleire forelesingar, m.a. ved Universitetet i Bergen, Høgskolen i Oslo og Akershus og NTNU, og skrive fleire fagartiklar i ulike publikasjonar. I «Drakt og prakt» (Bunader og folkedrakter i Norge og Sverige) som kom ut i 2013, var Anne Kristin Moe medforfattar. Ho har også vore fagkonsulent for animasjonsfilmen «Frost», Walt Disney (2013) og for realityprogrammet «Anno», NRK (2015).

Anne Kristin Moe har solide slektsrøter i Bukta i Gloppen, har vakse opp i Ålesund, er 35 år og p.t. busett i Oslo. Ho tar til i stillinga 1. mars 2016.