Det handlar om 200 Gvh ny energi i Jølstra.

Det blir utbygging i Jølstra

På ein politikardag tidlegare i haust var adm. Dir i Sunnfjord Energi AS, Fredrik Behrens, på besøk hos kommunestyret i Jølster for å orientere om den planlagde kraftutbygginga i Jølstra.



Under denne orienteringa kom det fram at planlagde skatteendringar, i tillegg til dårlege kraftprisar, hadde fått energiselskapet til å gå i tenkjeboksen med omsyn til utbygging eller ikkje.

Vil satse på vasskraft

I dag, tysdag 19.desember, vart det endeleg klart at styret i Sunnfjord Energi AS går for utbygginga som har ein prislapp på 704 millionar og vil bli den nest største investeringa i Jølster gjennom tidene. Berre bygginga av Kjøsnesfjorden kraftverk overgår dette prosjektet i pris.

– Styret i Sunnfjord Energi har tru på at vasskraft vil være ein del av framtidas energisystem, heiter det i ei pressemelding frå selskapet. Sunnfjord Energi AS  fekk sommaren 2017 konsesjon av Olje og Energidepartementet på utbygging av vassdraget.



Stort kraftverk

Det nye kraftverket vil bli det nest største av selskapet sine utbyggingar. Berre Kjøsnesfjorden kraftverk er større med sine nesten 250 Gwh.

- Størrelsen på utbygginga er slik at selskapet ynskjer å ha med andre industrielle partnarar for å realisere prosjektet. Endeleg val av partnarar er ikkje klart, skriv selskapet i pressemeldinga. Der står det også at Prosjektet har vore presentert for eigarane og at desse er positive.

- Dei er opptekne av lønsmed og at ein får på plass akseptable avtalar med partnarar og lånegjevarar, heiter det.

I dialog med fleire parnarar

BBK er ein stor og viktig eigar i Sunnfjord Energi, og var også med på bygginga av Kjøsnesfjorden kraftverk. Men på spørsmål om det er kraftgiganten frå Bergen som skal bli partner også i Jølstra, svarar Fredrik Behrens at dei er i dialog med fleire mogelege partnarar. Han seier også at dagens vedtak er viktig for å komme i mål med avtalane.

- Så snart alle avtalar er på plass, det vil seie tidleg i 2018, vil utbygginga starte, seier Behrens som også fortel at tilbod på arbeidet med kraftutbygginga er innhenta og at tildeling kjem etter at dei andre avtalane er på plass.

 

 



 

Fakta om Jølstra Kraftverk:

Utbygging frå Tongahølen, ved

Langhogane i Jølster kommune, og

til Reinene i Førde kommune.

Årsproduksjon 233 GWh

Ny energi 200 GWh

Utbyggingskost 704,5 mill

 

Det nye kraftverket i Jølstra kjem i tillegg til det gamle i Stakaldefossen frå 1954. Denne stasjonen vil framleis vere i drift etter utbygginga.
Adm. dir Fredrik Behrens (t.v.) og prosjekleiar Kjell Johnny Kvamme kan no gje fullgass i Jølstra.