27 elevar går i år på danselinja på Firda. Torsdag gav dei det dei hadde under framsyninga i kultursalen. Her er 2. og 3. klasse i ein tøff dans.

Danseelevane gav alt på scena

– Eg kosa meg på scena og hadde det veldig moro. Dette er den siste store danseframsyninga eg er med på her ved skulen, og eg ønskte å gjere det best mogleg. Sidan vi har jobba så hardt, var det kjekt at det gjekk fint. Eg kunne gjerne ha gjort det igjen, smiler Nora Bolstad Moen.



Elevar og lærarar ved danselinja på Firda vidaregåande skule inviterte til framsyning i kultursalen torsdag kveld.

– Har jobba hardt
Danseinnslaga baud på ei blanding av både moderne dans, samtidsdans, jazzdans og klassisk ballett. Elevane hadde jobba med ulike tema til dei 18 sceneinnslaga, og nokre hadde laga eigne koreografiar med utgangspunkt i dikt, kjensler og årstider. Her opererte små og store grupper på scena, tredjeklassingen Torstein Tysse Sætevik hadde til og med laga sin eigen solodans. Elevane skifta kostyme i eit imponerande tempo, og variasjonen i musikk og uttrykk var stor. I eitt av innslaga hadde dei også kutta ut musikken.

At det ligg mykje arbeid bak ei slik framsyning, er det ingen tvil om. Det stadfestar også Nora Bolstad Moen.

– Vi har jobba heilt sjukt hardt. Sist helg var vi her 19 timar, og vi har nærast budd i kultursalen sidan den tid. Vi har berre vore heime for å sove, elles har vi vore på skulen, fortel ho.



Godt samhald på linja
Likevel tykkjer ho det har vore svært kjekt å jobbe med denne danseframsyninga.

– Når vi er så mykje i lag, blir vi godt kjende med kvarandre. Samhaldet blir veldig sterkt, og vi ler i lag, grin i lag, tullar og et i lag. Samtidig er det veldig kjekt å følgje prosessen og sjå at det sakte, men sikkert er progresjon i alle dansane. Ting blir enklare etter kvart. Det aller kjekkaste er eigentleg når vi har generalprøve og vi opplever at alt sit slik det skal. Då er vi klare, smiler ho.

– Kor tid hadde de generalprøve?

– I dag. Vi var ferdige halvanna time før sjølve framsyninga.

Nora går siste året på danselinja.

– Sjølv om eg skal vere med på fleire framsyningar før skuleåret er omme, er dette siste gongen eg er med på den store framsyninga som danselinja pleier å ha om hausten. Det er litt herleg å tenkje på, men samtidig veldig, veldig trist. Eg skulle gjerne ha gått her resten av livet slik at eg kunne gjere dette kvart einaste år, slår ho fast.

– Eg har lært mykje
– Det betyr at du har trivast godt på danselinja?

– Ja, vi er berre tre elevar i klassa mi dette året. Vi får ein svært tett relasjon, og det er litt trist å tenkje på at dette er siste gong vi går på scena i lag i ei slik framsyning. I første klasse var vi sju elevar, men i andre klasse gjekk nokre over til idrettslinja. Å gå frå å vere sju til tre elevar var kjedeleg, men vi har eit trygt og godt miljø oss tre imellom og vi får god oppfølging av lærarane. I tillegg dansar vi mykje i lag med andre klasse, seier ho.

Responsen frå salen var god undervegs i framsyninga.

– Det var veldig kjekt. Då vi stod bak det raude teppet og venta på å få sleppe til, fekk vi melding om at det sat 300 personar i salen. Då blei vi veldig gira, fortel ho.

Nora Bolstad Moen føler ho har lært mykje på danselinja.

– Eg har pusha grensene mine, og har lært meg å stå på ei scene utan «å klappe saman». Når vi dansar så mykje, blir vi godt trena. Det har vore kjempekjekke år. Eg kjem til å halde fram med å danse og vil ha dette som hobby i framtida, fortel 18-åringen frå Sandane.

– Eg gler meg over at det gjekk så fint, seier Nora Bolstad Moen.